Hopp til innhold

Sommarjobb i UDI– få praktisk erfaring med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag

Arbeidsgiver

UDI

Sted

Innspurten 11D, 0663 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb i UDI
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
8

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Er du student og vil bruke sommaren på noko meiningsfullt? Vil du jobbe med reelle juridiske problemstillingar og få innsikt i korleis utlendingsforvaltninga fungerer i praksis? Då kan ein sommarjobb hos oss i Opphaldsavdelinga i UDI vere akkurat det du ser etter.

Som saksbehandlar får du jobbe tett på saker som betyr noko – for enkeltpersonar, for arbeidslivet og for samfunnet. Du vil i hovudsak behandle søknader frå utanlandske studentar som skal starte studia sine i Noreg, og frå arbeidsgivarar som treng å hente inn kvalifisert arbeidskraft frå utlandet.
Du får god opplæring og god støtte frå erfarne kollegaer og arbeidsoppgåver som gir deg fagleg tyngde vidare i studiet og seinare i karrieren.

Kva får du ut av å jobbe hos oss?

  • hands-on erfaring med juridisk saksbehandling innan utlendingsforvaltninga
  • praksis i å bruke regelverk i konkrete saker
  • eit inkluderande, sosialt og fagleg sterkt arbeidsmiljø

I tillegg held vi til i moderne lokale på Helsfyr, med svært gode fasilitetar og – ifølgje oss sjølve – landets beste kollegaer.   


Arbeidsoppgaver

Du vil mellom anna:

  • behandle enkeltsaker etter utlendingslova, tilhøyrande forskrift og forvaltningslova
  • rettleie søkjarar via chat og/eller telefon
  • bidra til smartare arbeidsprosessar som gir betre brukaropplevingar og kortare ventetid

Kvalifikasjoner

For å bli vurdert må du:

  • kunne dokumentere bachelorgrad eller bachelornivå i rettsvitskap eller statsvitenskap. Dette gjøres ved å vedlegge utskrift på graden din fra vitnemålsportalen
  • gjerne vere på første eller andre året av mastergraden
  • ha svært gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • ha gode digitale ferdigheiter
  • gjerne ha arbeidserfaring ved sida av studiet

Viktig! Utdanning må dokumenterast med vitnemål frå Vitnemålsportalen. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Personlige egenskaper

Vi ser etter deg som:

  • raskt set deg inn i nye problemstillingar
  • jobbar strukturert og har god gjennomføringsevne
  • trivst med samarbeid og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • kommuniserer tydeleg og tilpassar bodskapen til ulike målgrupper
  • har god rolleforståing og identifiserer deg med kjerneverdiane våre: menneskeverd, profesjonalitet og heilskap

Vi tilbyr

Praktisk informasjon
Arbeidsperioden er frå juni og ut august 2026. Vi ønskjer helst kandidatar som kan jobbe heile perioden. Vi legg til rette for to oppstartspuljar, 1. juni og 15. juni. I søknaden vil du bli bedt om å opplyse når du ønskjer å starte. Dersom vi har behov, kan det bli mogleg å jobbe noko utover den oppgitte perioden.

Vi kan leggje til rette for inntil éi veke ferie (ubetalt), men først etter at opplæringsperioden er gjennomført, dvs en gang i juli eller august.

Du tilsettast som rådgivar (kode 1434) med timelønn basert på en årslønn pålydande 550 000,- kroner. To prosent vert trekt i pensjon til Statens pensjonskasse.

Intervjudag: Aktuelle kandidatar vert inviterte til informasjons- og intervjudag 24. april i UDI sine lokalar på Helsfyr.
 
Mangfald og inkludering
Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunnar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing eller innvandringsbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert søkjar frå desse gruppene.
 
Slik søkjer du
Søk via Webcruiter, og fyll ut CV- og søknadsfeltet der – også om du legg ved eigen CV/søknad. Last opp vitnemålet ditt direkte frå Vitnemålsportalen i Webcruiter.


Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Du kan be om å bli unnateken, men må grunngje kvifor. Dersom ønsket ikkje kan innvilgast, tek vi kontakt med deg.

I samarbeid med ein ekstern leverandør brukar UDI bakgrunnssjekk. Bakgrunnssjekken blir gjennomført etter at du som søkjar har gitt samtykke, og inneber at vi kontrollerer CV-en og annan dokumentasjon du har sendt inn i samband med tilsetjinga.
 

Kontaktinformasjon

Loubna Alshbib, Seksjonssjef i Opphold, 40855325
Christiane Heffermehl Lange, Seksjonssjef i Opphold, 90936298
Cecilie Sande Amundsen, Kompetanseleder i Opphold , 93468981

Arbeidssted

Innspurten 11D
0663 Oslo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: UDI

Referansenr.: 5097478445
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Cecilie Sande Amundsen

Kompetanseleder i Opphold

93468981

Christiane Heffermehl Lange

Seksjonssjef i Opphold

90936298

Loubna Alshbib

Seksjonssjef i Opphold

40855325

Om bedriften

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringens innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglige innspill til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovlig innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkere, og bidrar til retur av personer uten lovlig opphold. Menneskeverd, profesjonalitet og helhet er grunnleggende verdier i direktoratet. UDI ligger under Justis- og beredskapsdepartementet. Se også www.udi.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d59d8c0d-c47d-4e91-916e-97dd82d628fc

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3edeccbffc104bb9af21f0f44a105f3a

Lignende annonser

Laster lignende annonser