Helsefagarbeidar
Korttid/rehabilitering
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Om jobben
- Oppstart
- 1. november 2026
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 22. september
Då kan dette vere stillinga for deg! Ved avdelinga for korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo bu- og helsesenter har me ledig ei 80 % fast stilling som helsefagarbeidar med oppstart 1. november. Stillinga inngår i årsturnus med ordinære vakter og arbeid kvar tredje helg. På sikt kan det bli mogleg å ønskje langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg.
KOR er ei aktiv og tverrfagleg avdeling med høg fagleg kompetanse og ein variert pasientgruppa. Pasientane kjem til oss frå sjukehus eller heimen for kortare eller lengre opphald, mellom anna for kartlegging, rehabilitering, avlastning, korttidsopphald eller palliativ behandling. Avdelinga har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og ei lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenesta for å sikre gode pasientforløp.
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapleg pleie og omsorg.
- Oppfølging av pasientar og pårørande.
- Aktiv rehabilitering.
- Dokumentasjon i elektronisk journalsystem.
- Primærkontaktoppgåver.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Rutinearbeid på avdelinga (kjøkken, skylleroms- og anna avdelingsarbeid).
- Oppfølging av elevar og lærlingar.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar eller hjelpepleiar.
- Grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å dokumentere i elektronisk pasientjounal.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Du må minimum ha bestått norskprøve på nivå B2.
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Relevant vidareutdanning er ein fordel.
- Erfaring frå arbeid innan korttid, rehabilitering eller lindrande behandling.
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid.
- Kunnskap om observasjon, dokumentasjon og oppfølging av pasientar med samansette behov.
Personlege eigenskapar
- Du er trygg i rolla di og har evne til å arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivs med tett samarbeid i eit tverrfagleg team.
- Du er fleksibel, løysingsorientert og handterer ein variert arbeidskvardag med ro og struktur.
- Du er god til å vurdere situasjonar, ta ansvar og setje i verk nødvendige tiltak – også i krevjande situasjonar.
- Du har eit ekte engasjement for pasientane sine behov, og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.
Ved vurderinga av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysingar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. Politiattesten må ikkje vera eldre enn tre månadar.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Isabel Knutsen, avdelingssjukepleiar KOR.
Kontaktinformasjon
Isabel Knutsen, Avdelingssjukepleiar , 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5170135238
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 06.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d56597db-155c-4705-82dd-2e64067e64ad
- Sist endret
7. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1fe89ff280c64523a6756094d80488b5