Barnehagelærer 50-70% fast stilling
Bordalen Barnehage
5708 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærer 50-70% fast stilling
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Send søknad til
Me søkjer etter deg som har hjarte for born. Born sin kvardag og sjølvkjensle er prisgitt vaksne som aktivt deltek og er genuint intresserte i å lytte og forstå. Me søkjer deg som brenn for at barnehagen skal vera ein trygg og god stad for borna.
Me tilbyr:
- Fast stilling på 50-70% etter avtale
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Me har gode forsikringsordningar , samt tariffavtale gjennom Private barnehagers landsforbund
- Ein arbeidsdag der du gjennom inspirerande leik og læring – og ved å nytte natur og nærmiljø, verkeleg kan gjera ein forskjel i borna sine liv
Kva du skal gjere hjå oss:
- Du skal sjå til barnehagen vert driven i samsvar med vår verdiplattform
- Du skal bidra til å skape eit trygt, engasjerande og spennande læringsmiljø for born og tilsette.
- Du skal rettleie og støtte personalet i det pedagogiske/metodiske arbeidet
- Vera pådrivar i evaluering og kontinuerleg forbetring
- Medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med foreldre
- Saman med pedaogogisk leiar, ta det pedagogiske ansvaret
Kven er du?
Du må vera positiv, løysningsorientert, samarbeidsvillig, og fleksibel. Du må kunne kommunisere godt med menneske med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar. Du likar utfordringar, og jobbar godt i til tider hektisk miljø, er ansvarsmedviten og sjølvstendig.
Viktigast av alt ynskjer deg som er ein god, varm og omsorgsfull vaksen, men likevel leiken, raus og tydeleg.
Kvalifikasjonar:
- Godkjend utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller annan relevant kompetanse
- Erfaring frå barnehage er gjerne ynskjeleg (men ikkje krav)
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Politiattest må leggjast fram før tiltreding
- Personleg eignaheit vil verte vektlagt
Søknadsfrist: 01.06.25
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.
Søknad kan sendast på epost : mariannegjerald@hotmail.com , eller til Bordalen barnehage, Bjørnshovden 19, 5708 Voss, Tlf: 415 56 141
Attestar, vitnemål og referansar tas med til evt intervju
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bordalen Barnehage er ein privat barnehage med born frå 1-5 år. Me har lokale i tilkntning til Nyhagen aktivitetssenter (tidlegare Bordalen skule) Barnehagen ligg i nærleiken av skog og flott turområde. Barnehagen ligg berre 7 km. frå Voss sentrum. Barnehagen er medlem i Private barnehagers landsforbund (PBL).
Sektor
Privat