Off. godkjent helsefagarbeidar, Ørtaheimen - Vallstova
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Off. godkjent helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Er du helsefagarbeidar og ser etter nye utfordringar? Vi har ledig 100% fast stilling ved avd. Vallastova, Ørstaheimen.
Vallastova er ei somatisk langtidsavdeling med 24 bebuarar med samansette behov – eit arbeidsmiljø der fagleg engasjement og godt samarbeid står i fokus. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Hos oss møter du eit engasjert og fagleg sterkt team som jobbar for å tilby bebuarane helse- og omsorgstenester av høg kvalitet.
Vi ser etter deg som er engasjert, fagleg trygg og ansvarsfull, som bidreg til trivsel og omsorg for bebuarane, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring
Du må kunne handtere ein til tider hektisk kvardag, men du vil alltid ha dyktige og støttande kollegaer rundt deg.
Vi jobbar etter:
Årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre god fagkompetanse gjennom heile døgnet og året
Sjukepleieteam som bidreg med fagleg kompetanse og er ein viktig ressurs ved behov for støtte
Langvakter på helg kan inngå i stillinga med moglegheit for arbeid også i vekedagar og fleire helgetimar ved behov. Dette gir ei fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Arbeidsoppgåver
- Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet og har fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel for den enkelte.
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver, på ein fagleg og etisk måte
- Fokus på forebygging og støtte under brukarane sine eigne ressursar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutiner og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må vere off. godkjent helsefagarbeidar
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Det vert stilt krav til politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåvene
- Tek initiativ og ansvar
- Relevant arbeidserfaring
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Kompetanseutvikling gjennom e-læring, internundervisning og kurs
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Arbeidsvilkår: Dag/kveld, inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka helgetimar
Stillinga er plassert i kap. 4GR1.2- Fagarbeidarstilling
Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Lisa Mari Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 481 32 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4994095955
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d541a0c6-0e59-4524-a182-7a82c3e4e9f5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a9c542322afa4f26a92fcecb239df708