Museumsvert
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Mannhellervegen 643 , 6854 Kaupanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Museumsvert De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum
Type ansettelse
Engasjement, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Om stillinga
Vi har ledig eit 50% engasjement (1 år) som museumsvert på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Vestreim, med oppstart medio august 2025.
Som museumsvert hos oss får du gleda av å bli kjend med eit tradisjonsrikt museum med dyktige og engasjerte medarbeidarar, og du får vere vertskap for besøkande som søkjer kunnskap og opplevingar. Du vil vere ein ambassadør for museet, og skal yte god sørvis til dei ulike publikumsgruppene vi har.
Ansvar og oppgåver i stillinga er knytt til:
- førstelinjeteneste i resepsjon (telefon og billettsal)
- sal og varehandtering i butikk og kafe
- arbeid på kjøkken med matlaging og reinhald
- rigge og rydde i samband med arrangement
- enkle formidlingsoppgåver
- vakt-/låserunde i museet
- enkle reinhalds- og skjøtselsoppgåver
I jobben som museumsvert er det stor variasjon i arbeidsoppgåvene, og ingen dagar er like. Arbeidet er prega av sesongsvingingar, og det vil vere både rolege og intensive periodar/dagar. Arbeidstida vil i hovudsak vere lagt til dagtid - ut frå planlagd aktivitet på museet. Men det vil også vere aktuelt med noko arbeid i helg og på kveld ved arrangement.
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
På Vestreim i Sogndal kommune finn du eitt av landets eldste og største friluftsmuseum. Her formidlar vi levd liv, og korleis verda hang saman for sogningen gjennom fleire hundreår.
Dei kulturhistoriske bygningane ligg i eit flott natur- og kulturlandskap med slåttemarker, åkrar og beiteområde. I hovudbygningen finn du utstillingar i fleire etasjar, så vel som kafe og museumsbutikk.
Museet held ope heile året, og har årleg kring 11 000 besøkande som kjem for opplevingar og kunnskap. Her tek vi i mot både skuleklassar, turistgrupper, og historieinteresserte frå fjern og nær. Gjennom året har vi ei rekkje arrangement som har god oppslutnad blant lokalbefolkninga.
Les meir museet, formidlingstilbodet og opplevingane vi tilbyr på nettstaden vår
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
- teft for vertskapsrolla og interesse for folk
- erfaring med arbeid på kjøkken og matlaging
- erfaring med sal og varehandtering i butikk/kafe
- gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
- førarkort kl. B og disponerer bil
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- er trygg i vertskapsrolla
- er open og omgjengeleg
- har gode samarbeidsevner
- arbeider sjølvstendig, metodisk og systematisk
- er stødig og til å lite på
- trivst med utfordringar og variasjon i arbeidsoppgåver
Generell informasjon
Som tilsett i MiSF vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort engasjement.
Vi nyttar nynorsk som administrasjonsspråk og i skriftleg kommunikasjon med eksterne.
Stillinga blir løna etter avtale, og har stillingskode 1115 jf. Landsoverenskomsten for museer og andre kulturinstitusjoner.
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til museumsleiar Trude Knutzen Knagenhjelm på tlf. 91 55 65 22.
Søknad med vedlegg registrerer du via lenka "Søk stillinga" på denne sida.
Ved spørsmål som gjeld elektronisk søknadsskjema tek du kontakt med Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20 eller kundeservice@jobbnorge.no kvardagar mellom 08:00-16:00
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Årleg gjev vi nær 60 000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.
Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til malaren Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta utedassar og eksport av kvernsteinar i vikingtida, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.
Vi har kring 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea. Les meir på Musea i Sogn og Fjordane sin nettstad.
Sektor
Offentlig
Nettsted