Er du vår nye kundekonsulent?
Sognenett
Dalavegen 25, 6856 Sogndal
Om jobben
Stillingstittel
Kundekonsulent med IT-glød
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Først -- dette får du hjå oss
Ein jobb som gir meining. Eit miljø der du kan vere deg sjølv. Ein arbeidskvardag med variasjon, tempo og mykje latter.
Du blir ein del av eit lokalt teknologieventyr i vekst, der du får påverke både kundar og framtida vår. Me jobbar saman, hjelper kvarandre, og heiar på gode idear -- også dei litt sprø.
Her får du:
- Eit sterkt og varmt fellesskap, med plass til både bokormar, skibomsar, småbarnsforeldre og alle salgs folk, eigentleg.
- Ein jobb med utviklingsmoglegheiter -- du lærer noko nytt kvar veke.
- Gode vilkår og pensjons-/forsikringsavtalar.
- Kontor midt mellom fjord og fjell -- ja, det er faktisk like fint som det høyrest ut.
Om jobben
Som kundekonsulent hjå oss blir du ein del av kundesenteret for både Sognenett og Sognenett IT. Det betyr at du får vere med å hjelpe kundar med alt frå stabilt nett og strøymetenester -- til løysingar og support innan IT.
Du blir den som får kundane til å smile og teknologien til å fungere.
Du lyttar, forklarar, finn løysingar og bidreg til å skape wow-opplevingar i alle kanalane me brukar: telefon, e-post, chat -- og av og til ute hjå kundane. Du blir den som gjer kvardagen enklare og kjekkare for kundane våre, anten det handlar om internett, TV, eller IT-løysingar.
I tillegg vil du:
- Jobbe aktivt med rådgjeving, særleg innan internett, TV, IT og bedriftsløysingar
- Oppsøke og utvikle nye kunderelasjonar
- Følgje opp tilbod og vere ein del av heile salsprosessen
- Bidra til utvikling av Sognenett og Sognenett IT
Kven er du?
Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du:
- Er glad i folk, og får energi av å hjelpe andre
- Har nysgjerrigheit for teknologi og IT-løysingar
- Tenkjer løysing, ikkje problem
- Er trygg i ein hektisk kvardag -- og trivst med å ha fleire ballar i lufta
- Har førarkort (klasse B) -- det hender me tek turen ut til kundane
Har du erfaring frå kundesenter, IT, sal eller liknande? Supert! Har du ikkje det, men kjenner du passar inn? Me høyrer gjerne frå deg uansett.
Høyrest det ut som noko for deg?
Send oss ein søknad der du fortel litt om kven du er og kvifor du har lyst å bli med på laget vårt. Legg gjerne ved CV og vitnemål, men det viktigaste er at me får eit godt inntrykk av deg som person.
Søknadsfrist: 25.05.2025Sognenett leverer internett, TV og IT-tenester til heile Sogn -- og er stadig på jakt etter nye måtar å gjere kvardagen enklare og betre for kundane våre. Med 18 tilsette og solid lokal forankring har me store ambisjonar og endå større hjarte. Mantraet vårt?
Meir fart. Meir moro.Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted