Sekretær
Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sykehusgata 2, 6508 Kristiansund N, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Vil du vere med på laget vårt? Vi har no ledig fast stilling for helsesekretær/ sekretær.
Dei tilsette i merkantilfunksjonen er ansiktet vårt utad, og er hjartet i arbeidsflyten på seksjonen vår. Vi har engasjerte og profesjonelle medarbeidarar som gir god service til pasientane, samarbeidspartnerane og våre eigne tilsette.
Helse Møre og Romsdal HF har eit poliklinisk spesialisthelsetjenestetilbod innan psykisk helsevern for barn og ungdom, lokalisert i Kristiansund (BUP Kristiansund).
Vi har fire sekretærstillingar og 22 behandlarar, med bakgrunn som psykologar, legar, pedagogar og sosialfaglege. Vi tek imot pasientar frå fem kommuner på Nordmøre.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjonsarbeid med mottak av pasientar og telefonservice
- Pasientrelaterte arbeidsoppgåver i Helseplattformen
- Ta del i utviklinga av seksjonen sine interne rutiner
- Skåring av kartleggingsverkty
- Følge opp pasientventelister
- Rydding i rapportar, skanning av dokument osv
- Registrere personaldata
- Anna praktisk arbeid i poliklinikken
Kvalifikasjonar
- Gjerne vere autorisert helsesekretær, men det er ikkje eit krav
- God generell kunnskap og erfaring med data
- Det er en fordel
- å ha erfaring frå arbeid som sekretær, gjerne innan spesialithelsetenesta
- kunnskap og erfaring med Helseplattformen
Personlege eigenskapar
- Du er er god på yte kundeservice
- Du har gode samarbeidsevner, tar ansvar og er initiativrik
- Du har evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
- Du er nøyaktig, fleksibel og effektiv
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden din.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Området har mykje natur å by på, varierte turmulegheiter i både skog, fjell og fjord. Her er det gode miljø innanfor klatring og friluftsliv og det er nyleg etablert eit innandørs klatresenter. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, samt hurtigbåt med fleire daglege avgangar til Trondheim. Les meir om Kristiansund - klippfisk og Atlanterhavsbyen her.Kontaktinformasjon
Toril Kvisvik, Konst. seksjonsleiar, +47 95781432Arbeidsstad
Sykehusgata 26508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4961081898
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Toril Kvisvik
Konst. seksjonsleiar
+47 95781432
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted