Sommarvikariat radiograf/radiografstudent
Radiologisk seksjon LSH, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarvikariat radiograf/radiografstudent
Oppstart
16. juni 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. april
Er du glad i fjord, fjell og fantastiske naturopplevingar, og ønskjer å arbeide saman med ein triveleg og sosial gjeng ved Radiologisk avdeling, seksjon i Lærdal?
Då kan dette vere jobben for deg!
Vi kan tilby ein arbeidsplass som har stort fokus på godt arbeidsmiljø, god pasienthandsaming og høg
kvalitet på tenestene våre. Her er det høgt under taket, med mykje latter og humor.
Seksjon Lærdal har ein CT, ein MR, to konvensjonelle røntgenlabbar, ein UL, og eit transportabelt røntgenapparat. Eininga består av sju radiografar, ein radiolog i stafett og to sekretærar. Radiologisk seksjon, Lærdal sjukehus er ein av tre seksjonar i Radiologisk avdeling Helse Førde. Dei andre seksjonane er lokalisert ved Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus
Arbeidsoppgåver
- Førebuing og gjennomføring av undersøkingar ved konvensjonell røntgen, og eventuelt CT
- Tilrettelegge og assistere radiolog på ultralyd
- Samarbeide med andre profesjonar og einingar
- Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til avdelinga
- God pasienthandsaming.
- Arbeid på dagtid mandag-fredag: kl. 08.00-15.30
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf, eller radiografstudent
- Meistre norsk godt, både skrifteleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Godt humør og positiv innstilling
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Fagleg engasjert og interessert
- Initiativrik og handlekraftig
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Arbeider godt i team
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb med moglegheit for utvikling
- Gode kollegaer med mykje latter og humor
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilpassa opplæring
- Sjukehuset har eigne bustadar for utleige
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kathrine Søraa Kilen, Seksjonsleiar, (+47) 934 45 067Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4943438434
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 08.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Kathrine Søraa Kilen
Seksjonsleiar
(+47) 934 45 067
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2897966
- Hentet fra
talentech
- Referanse
23f31db04fb642c68a7b18f41bd959b9