Fagarbeidar/assistent
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Sveio barnehage er ein kommunal barnehage som ligg sentrumsnært. Me har kort veg til skog og hei, vatn, bibliotek, skule, symjehall, idrettsanlegg, Salamanderpark og kjøpesenter. Me har for tida 32 barn fordelt på tre avdelingar, 1-6 år. I august 2023 blir me 45 barn. Visjonen vår er: Robuste barn meistrar livet og me har fokus på natur, berekraft og kosthald. Me har aktivt og engasjert personale som brenner for arbeidet sitt. Dei tilsette har høg kompetanse og lang erfaring. Me er med på Regional kompetanseheving saman med høgskulen NLA og HVL der me arbeider målretta og systematisk med barnehagen som pedagogisk verksemd, med fokus planlegging, evaluering, progresjon og dokumentasjon i det pedagogiske arbeidet.
Sveio barnehage søkjer fagarbeidar/assistent til to faste 100 % stillingar frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med, og setje i verk det pedagogiske arbeidet.
- Være med på å planlegge, gjennomføre og dokumentere , vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa.
- Foreldresamarbeid
- Prosjektarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent barne- og ungdomsarbeiderfag eller anna relevant utdanning.
- Tilfredsstillande politiattest må framvisast ved oppstart i stillinga.
- Me vektlegg personleg eigenskapar.
Personlege eigenskapar
- Du er motivert, kreativ, har godt humør og kan undre deg saman med barna.
- Har god relasjonskompetanse og god omsorgsevne.
- Har gode samarbeidsevner.
- Ynskjer å være med å vidareutvikle barnehagen. Være med i endringsprosessar.
- Kan arbeide sjølvstendig, være løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet.
- Har god forståing og evne til planleggings- og evalueringsarbeid.
- Er glad i friluftsliv.
- Har evne til å væra ein tydeleg rollemodell for barn og vaksne.
Vi tilbyr
- Ein jobbkvardag der ingen dagar er like.
- Kompetente og dyktige kollegaer i eit utviklande barnehagemiljø kor ein framsnakkar kvarandre og har positive forventingar til kvarandre.
- Eit spennande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg påfyll.
- Lønn etter gjeldande tariff.
Kontaktinformasjon
Kristin Tveit Beiermann, Einingsleiar Sveio barnehage, 40 04 81 48Arbeidsstad
Sveiogata 705550 SVEIO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4639305373
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.04.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2289664
- Hentet fra
talentech
- Referanse
14bde26fa148435381949595ce2fac0c