Vil du bli vår nye løns- og personellmedarbeidar?
Løn og personell, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Løns- og personalkonsulent
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Vi i Helse Førde ser etter ein engasjert og lærevillig kollega til eit vikariat som konsulent i HR - Løn og personell i perioden 01.09.2025 - 31.08.2026.
Her får du moglegheit til å jobbe i eit fagmiljø som er både utviklande og meiningsfullt – midt i hjartet av helsevesenet!
🧩 Om stillinga
Løn og personell er ein av fire seksjonar i HR-avdelinga i Helse Førde, og består i dag av 11 tilsette. Vi har eit nært samarbeid med dei andre seksjonane på HR og med dei andre foretaka i Helse Vest.
Vår hovudoppgåve? Å sørge for at alle tilsette i Helse Førde får rett lønn - til rett tid. I tillegg har vi systemansvaret og brukarstøtte for m.a EveryOne (kontraktshandtering) og Webcruiter (rekruttering). Dette arbeidet skjer i nært samarbeid med leiarar og stabsfunksjonar ved ulike avdelingar og klinikkar. Vi held også opplæring i ulike HR-system, og har brukarstøtte i løns- og personalspørsmål.
💡 Er du nyutdanna innan økonomi eller personal?
Vi ønskjer deg velkomen til å søkje - og du vil få grundig opplæring og god støtte frå første dag.
Velkommen til Helse Førde!
Arbeidsoppgåver
- Brukarstøtte og opplæring av leiarar i personalarbeid
- Registrere, kontrollere og kvalitetssikre lønns- og personaldata
- Ansvar for sine avdelingar, og gje råd og støtte til desse på ein god måte
- Følgje opp lønns- og personalrelaterte spørsmål frå leiarar og tilsette i Helse Førde
- Lære opp og rettleie leiarar
- Brukarstøtte tilsette i Helse Førde
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med utdanning innan økonomi eller personal. Erfaring kan kompensere for formalkompetanse
- Gode IKT-kunnskaper
- Ønskjeleg med erfaring frå lønns- og personalarbeid
- God rekneskaps- og økonomiforståing
- Det er ein fordel dersom ein kjenner til løns- og personalsystemet UBW
Personlege eigenskapar
- Strukturert, sjølvstendig og nøyaktig
- Fleksibel, samarbeidsvillig og serviceinnstilt
- Engasjert og oppteken av kunnskapsdeling
- Lærevillig
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
- Fleksibel arbeidstid, der ein i stor grad planlegg eigen arbeidsdag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Bodil Ness Bauge, Seksjonsleiar, 578 39 024Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4972588536
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 15.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Bodil Ness Bauge
Seksjonsleiar
578 39 024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted