Kateket/Kyrkjelydspedagog
Volda kyrkjelege fellesråd
Rådhusgata 6a, 6100 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Kateket/Kyrkjelydspedagog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Volda kyrkjelege fellesråd følgjande stilling ledig frå 01.09.2023:
KATEKET/KYRKJELYDSPEDAGOG - 100%Vi søkjer primært etter ein medarbeidar med høgare utdanning, slik kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar krev. Alternativt søkjer vi etter ein medarbeidar med anna relevant utdanning og praksis som kan tenkje seg å gjennomføre ei vidareutdanning ved sidan av arbeid for å kvalifisere som kateket.
Kateketen har Volda kommune som tenesteområde og fast kontorarbeidsplass ved Volda kyrkjekontor saman med resten av staben. Kyrkjekontoret ligg i godt utstyrte moderne lokale, like ved Volda kyrkje.
Kateketen er leiar for undervisningsarbeidet og truopplæringsteamet vårt. I trusopplæringsteamet har vi kateketen og to trusopplærarar i deltidsstillingar.
Følgjande område er prioritert i undervisningsarbeidet:
- Trusopplæring inkl. konfirmantarbeid
- Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar
- Samarbeid kyrkje - skule/barnehage
Eitt viktig satsingsområde dei næraste åra er:
Vidare legg vi vekt på:
- Leiarerfaring
- Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom
- Erfaring frå og interesse for leirarbeid
- Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
- Evne til å skape gode relasjonar
- Evne til samarbeid og teamtenking
- Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
- Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- Erfaring i bruk av MS Office og programvare for kyrkja
- Erfaring frå informasjonsarbeid, bruk av nettsider og sosiale media
For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må kateketen ha førarkort og disponere bil. Han/ho som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Elles skjer tilsetjinga i samsvar med Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar, gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor.
Det er utarbeidd stillingsomtale for kateketstillinga i Volda kommune.
Vi nyttar intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.
For nærare opplysningar ta kontakt med kyrkjeverje Jostein Stråbø på tlf. 91663549 eller tidlegare kateket Constanze Lindner tlf. 97179970.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål/attester og referansar vert sendt elektronisk via www.kirkejobb.no innan den 15.05.2023
Kontaktinformasjon
Jostein Stråbø, Kyrkjeverje, 91663549Constanze Lindner, Kateket, 97179970
Arbeidsstad
Rådhusgata 6a6100 VOLDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 4653028143
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2023
Om bedriften
Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10809 ved årsskiftet og 8240 eller 76% av desse er medlem av Den norske kyrkja.
Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen. Arbeidsplassane er elles knytte til jordbruk, industri, service og handel.
Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.
Kommunen har seks sokn, Volda (5800), Hornindal (1014),Dalsfjord (590), Kilsfjord (460), Austefjord (274) og Storfjorden (102), med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (50% + 20%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2315569
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cba4baba9c1f4b5f8d3a5b614bc7401d