Hopp til innhold

Vil du røkte fisk i Austfjorden?

Arbeidsgiver

Blom Fiskeoppdrett AS

Sted

Mykingvegen 1421, 5957 Myking

Om jobben

Stillingstittel
Røkter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Vil du være med å produsere berekraftig mat som vert sendt ut til heile verden? No søkjer me etter ny medarbeidar som kan bidra til å røkte fisk på lokalitetane våre i Austfjorden.

Som røkter hos oss blir du satt til å løyse spennande utfordringar saman med andre røktarar i teamet i Austfjorden. Ingen dagar er like og du vil møte mange ulike utfordringar. Du får følge heile produksjonen frå den vert frakta frå land og satt i sjø, videre ut gjennom produksjonen, og fram til slakt, samt alle operasjonar som er nødvendig før, under og etter eit utsett.

Som røkter vil du kunne få ulike ansvarsoppgåver knytt til produksjon og drift av eit anlegg. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men samtidig bistå andre om nødvendig. Produksjon av fisk er ein biologisk prosess og mykje kan endra seg fort. Fleksibilitet og evne til å prioritere rett er viktig. Dersom dette høyrast spennande ut, oppmodar me deg til å søkje!

Me har to lokalitetar i Austfjorden som skal få nyutsatt fisk ila denne sommaren. Lokalitetane heiter Rekeviki og Vikane. Fôring på lokalitetane vert i hovudsak styrt frå ein fôrsentral i Øygarden av dyktige operatørar som du vil arbeida tett med. Fôrsentralen er avhengig av god forståelse av situasjonen på merdkanten og deira utstyr må fungere. Derfor er det viktig med eit godt samarbeid mellom lokalitetane og fôrsentralen slik at alle kan få større innsikt, spele kvarandre gode og hjelpe kvarandre.

Evne til samarbeid, løyse utfordringar, kommunisere og tileigne seg ny kunnskap er viktig for å jobbe som røkter. Me trenger fleire som kan være med å løfte dette samarbeidet og styrke dette teamet. Kanskje er du den me ser etter?

 

Arbeidsoppgåver

  • Røkting av ørret
  • Drift av eit oppdrettsanlegg
  • Planlegge arbeidsoppgåver og løyse ulike utfordringar
  • Registrering av data og rapportering

Din kompetanse/erfaring

  • Fagbrev eller relevant utdanning innan akvakultur er ønskeleg
  • Relevant arbeidserfaring er naudsynt
  • Forståelse for biologi og teknologi

Personlege eigenskapar:

  • Gode evner til å kommunisere og samarbeide
  • Strukturert, sjølvstendig og god på planlegging av arbeid
  • Evne til å ta til seg kunnskap og lærdom av andre, samt formidle vidare

Me tilbyr:

  • Arbeid i ei framtidsretta og spennande næring
  • Ein arbeidskvardag med både biologi og teknologi
  • Eit godt arbeidsmiljø i vakre Austfjorden

Kontaktperson for stillingen

Robert Mikkelsen

Produksjonssjef

robert.mikkelsen@blomsea.no

Om bedriften

Blom Fiskeoppdrett AS er ei familieverksemd som vart stifta i 1971 av oppdrettsveteranen Andreas Blom; ein av pionerane i Noreg innan oppdrett av laks og aure. Selskapet har hovudkontor i Blomvågen i Øygarden kommune, 45 min køyretur frå Bergen sentrum. Me disponerer i dag 8 konsesjonar for laks og aure på lokaliteter i Måløy, Radøy, Meland, Fensfjorden og Øygarden, samt fire settefiskkonsesjonar, ein på Askøy og tre i Øygarden kommune. I dag er det omlag 70 tilsette i selskapet.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d48d13f8-673c-4600-8c50-058f68b4bf72

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

37166ef5b86c4244981a1f2c06f32b73

Lignende annonser

Laster lignende annonser