Avdelingsdirektør
Barn og familiar, Bufetat
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du ein leiar som vert motivert av vårt viktige samfunnsoppdrag og våre verdiar?
Bufetat si visjon er vekst og utvikling for barn, unge og familiar. Vi jobbar etter verdiane respekt, openheit og deltaking - RÅD. Vi søkjer deg som har lyst til å vere med å utvikle våre tenester for barn, ungdom og deira familiar og bidra til strategisk leiing av regionen.
Stillinga er for tida lagt til Bufetat, region vest med arbeidsstad i Bergen. Stillinga inneber noko reising, men etaten har godt utbygd moderne videokonferanseutstyr i alle tenesteområda. Avdelingsdirektør rapporterar til regiondirektør, og inngår i den regionale leiargruppa. Regionleiinga består av regiondirektør, tre avdelingsdirektørar med særskilt ansvar for oppfølging av dei einskilde tenesteeiningane, stabsdirektør og kommunikasjonssjef.
Bufetat region vest har seks familievernkontor: fire kyrkjelege og to statlege. Familievernet tilbyr terapi, mekling, kurs og bistand til familiar, par og barn med relasjonsproblem. Eit viktig satsingsområde er å auke barn si medverknad.
Avdelingsdirektøren vil ha ansvar for tre senter i Førde, Bergen og Stavanger, som bistår barnevernet med utgreiing av komplekse saker for barn 0-6 år. Sentra tilbyr også hjelpetiltak for å utvikle foreldreferdigheiter og styrke tilknyting.
Avdelingsdirektøren vil også ha ansvar for adopsjonsområdet.
Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg for tida leiinga av ei eining for senter for foreldre og barn og seks familievernkontor. Ansvarsområda kan endre seg.
Du vil ha ansvar for å:
- Leie einingsleiarane for dei einingane du har ansvaret for og bidra til vidareutvikling av tenestane.
- Sikre at faglege og driftsmessige mål vert nådd i einingar du har ansvaret for.
- Omsetje nasjonale føringar og handlingsplanar til regionale handlingsplanar og forslag til tiltak.
- Utvikle samarbeid med relevante private, statlege, kommunale og fylkeskommunale aktørar.
- Delta i leiargruppa kvar veke og i jamnlege strategisamlingar og bidra til strategisk utvikling i regionen.
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har:
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande mastergrad. Krav om master kan i særlege tilfelle fravikast om du har omfattande arbeidserfaring og vidareutdanning.
- Relevant utdanning kan til dømes vere innan barnevern, sosialt arbeid, psykologi, sjukepleie/vernepleie eller liknande.
- Utdanning med leiarfag eller tilleggsutdanning innan leiing.
- Leiarerfaring, gjerne erfaring frå leiing av andre leiarar.
- Samfunnsfagleg forståing og innsikt i offentleg forvalting.
- Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Du må kunne nytte relevante fag- administrative IKT-system på ein effektiv måte.
Ved manglande utdanning innan leiing må ein pårekne å ta leiarutdanning etter tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Du er sterk på å delegera, samstundes som du sikrar kvalitet på leveransane.
- Du er god på å prioritere mellom oppgåver i ein hektisk arbeidskvardag.
- Du har særleg engasjement for organisasjonsutvikling innan offentleg sektor, og er oppteken av å vere del av ein organisasjon som skal gje best mogleg tenester til barn, unge og familier.
- Du er ein trygg og tydeleg leiar, med stort engasjement for ditt fagområde.
For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1060 avdelingsdirektør, med løn frå kr 950 000 - 1 100 000.
- Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild godt kvalifiserte søkjarar, kan høgare løn avtalast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Vi tilbyr deltaking på: Bufetat si eiga leiarskule, leiarsamlingar for regionleiinga, leiarar regionalt og leiarar nasjonalt.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familar eit enda betre tilbod.
- Høve til å trena inntil ein time i veka i arbeidstida.
- Godt tverrfagleg miljø.
- Du blir ein del av ei leiargruppe med ambisjonar om å arbeide saman som eit team.
I tillegg kan vi frista med ein spanande arbeidsstad, med eit godt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheitar.
Informasjon til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Regionkontoret, funksjon Barn og familiar.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Kontaktinformasjon
Alette Hilton Knudsen, Stabsdirektør, 91337060Marianne Kildedal, Regiondirektør, 45065450
Arbeidssted
Solheimsgaten 115058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4960126284
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2025
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2926377
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9ff639c0b41b4f7e9fe4f1113a1dbdb5