Vil du bli sjukepleiar i eit dialysemiljø med fagleg puls og varmt hjarte?
Medisinsk poliklinikk, dagbehandling og dialyse Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. november
Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement – og kollegaer som ser kvarandre og stiller opp når det trengst.
Vi arbeider med hemodialyse, nyremedisinsk poliklinikk og transplantasjonsutgreiing. Som sjukepleiar hos oss får du følgje pasientar gjennom sårbare og krevjande forløp, og du får tid og rom til å bli trygg i det spesialiserte fagfeltet.
Opplæring og fagleg utvikling er ein naturleg del av jobben. Vi har to-delt turnus, med arbeid kvar tredje helg på medisinsk sengepost.
For å gi deg ei trygg og god oppstart, tilbyr vi opplæringsvakter i forkant. Difor ønskjer vi at du kan starte så snart det passar for deg – men vi er fleksible og finn ei løysing saman.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg?
Kva går jobben ut på?
- Sjukepleie, oppfølging av pasientar som får hemodialyse og sjukepleie til pasientar ved medisinsk sengepost kvar 3. helg
- Opplæring og rettleiing av pasientar etter prinsippa for primærsjukepleie.
- Pasientoppfølgjing av hemodialyse.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg.
- Relevant sjukehuserfaring frå nefrologi er ein fordel.
- Gode tekniske og systematiske ferdigheita og grunnleggende datakunnskaper.
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har struktur og fokus på nøyaktighet i det du gjer
- er oppteken av å skape gode møte med både pasientar og kollegaer
- tek initiativ og er ikkje redd for å gripe nye utfordringar
- trivst med å samarbeide på tvers av fag og yrkesgrupper
- stiller opp og gjer det som trengst – også når det hastar
- er med på å skape eit trygt og støttande arbeidsmiljø
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- høgt fagleg nivå og kollegaer som deler kunnskap
- moglegheit for både fagleg og personleg utvikling
- ein arbeidsplass som er IA-bedrift og legg til rette ved behov
Kontaktinformasjon
Marita Våge, Funksjonsleiar medisinsk poliklinikk, dagbehandling og dialyse, 97095737, marita.vage@helse-fonna.noGloria Martinsdóttir Hauan, Konstituert funksjonsleiar, lunge, hjerte sengepost, 91300840
Maria Møen Bauge, Konstituert funksjonsleiar, gastro, slag, generell sengepost, 95960575
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5036182253
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Maria Møen Bauge
Konstituert funksjonsleiar, gastro, slag, generell sengepost
95960575
Gloria Martinsdóttir Hauan
Konstituert funksjonsleiar, lunge, hjerte sengepost
91300840
Marita Våge
Funksjonsleiar medisinsk poliklinikk, dagbehandling og dialyse
97095737
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d47de630-db32-4b1c-8d46-bd3212364f18
- Sist endret
3. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
224121504233403dbf9535c381f6e49a
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Rehabiliteringspost, Stord Sjukehus
Sted
Stord
Sjukepleiar 100% vikariat Heimetjenesta Halsnøy/Husnes
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester Halsnøy
Sted
Rosendal
Sjukepleiar/Fagarbeidar i 80% vikariat
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Husnestunet
Sted
Rosendal