Sjukepleiar - klar for fart, fag og fellesskap?
Hjerte/lunge/gastro post Stord
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 2. februar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. desember
Du trivst når det skjer litt rundt deg – og er ein trygg sjukepleiar som vil vere med oss i det vi meiner er ein av dei mest spanande og lærerike postane på sjukehuset vårt.
Her jobbar vi tett saman, både fagleg og menneskeleg, og har pasientar med både hjarte-, lunge- og gastrolidingar – i tillegg til eit breitt spekter av andre medisinske diagnosar. Det gir ein kvardag med mykje ansvar, stor variasjon og god utvikling – saman med flinke og rause kollegaer.
Er du ny? Null stress – vi tek godt imot deg og sørgjer for god opplæring og støtte frå dag éin.
Turnusen? den finn vi ut av saman. Vi har fleire løysingar:
- Langvakter opptil 12,5 time – med høgare tillegg og lengre friperiodar.
- Tredelt turnus med 16 helger per år.
- Langhelgturnus med høgare helgetillegg (47%).
Helsefagarbeidere også kan søkje og kan få jobb om det ikkje er sjukepleiar som søkjer.
📩 Snakk med Gloria – så finn de noko som passar for deg. Eller berre søk med ein gong!
Stord er perfekt plassert for deg som vil ha fjord, fjell og fritid tett på. Her finn du turstiar, aktivitetar, kulturliv – og både vidaregåande skular og høgskule.
🔗Les meir om Stord kommune
Kva går jobben ut på?
Du vil jobbe med pasientar innan hjarte-, lunge- og gastrolidingar – ofte med komplekse og alvorlege sjukdommar. Det betyr at sjukepleiefaget får stort rom, og at du får brukt både hovudet og hjartet.
- Du vil ha ansvar for oppfølging og behandling av pasientar i tett samarbeid med kollegaer og andre faggrupper.
- Dokumentasjon, kontakt med pårørande og bidrag til fagleg utvikling er òg ein naturleg del av jobben.
Vi jobbar i tverrfaglege team, støttar kvarandre – og blir stadig betre på å stå saman.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Det er ein fordel om du har erfaring frå hjarte-, lunge- eller gastropasientar – og gjerne frå kreftomsorg.
- IKT erfaring er ein fordel – men viss ikkje, sørgjer vi for god opplæring.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personleg egnethet blir vektlagd.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er god til å sjå mennesket bak sjukdommen
- likar å vere ein støttespelar for kollegaene dine
- taklar utfordringar på ein god måte, og er flink til å finne løysingar saman med andre
- er god på å snakke med folk – anten det er pasientar, pårørande eller kollegaer.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du godt betalt for langhelg – med 47 % tillegg ved langvakter kvar tredje helg. Vi tilbyr fleksibel turnus og ein arbeidsplass med høg fagleg standard og breie problemstillingar.
Vi har kollegaer som trivst i lag og vi legg til rette for vidareutdanning og utvikling.
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Gloria Martinsdóttir Hauan, gloria.martinsdottir.hauan@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5054364138
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.02.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 30.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Gloria Martinsdóttir Hauan
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
11488274-0490-4e33-a5f3-5aae0ce5b2dd
- Sist endret
16. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4ec4c6004ec54ee3b1765359efbcc043
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Medisinsk poliklinikk, dagbehandling og dialyse Stord sjukehus
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Stord sjukehus
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Valen sjukehus og Folgefonn DPS
Sted
Valen, Valen