Hopp til innhold

Marknad- og arrangementsleiar søkes til IL Valder

Arbeidsgiver

Il Valder

Sted

Valdervollvegen 7, 6050 Valderøya

Om jobben

Stillingstittel
Marknad- og arrangementsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 20. august

Dette er ei nyoppretta 100 %-stilling, noe som gir deg muligheten til å forme og utvikle rollen fra starten av.

Som marknad- og arrangementsleiar i IL Valder får du ei sentral og variert rolle.

Du blir det naturlege kontaktpunktet mot sponsorar, samarbeidspartnarar og lokalmiljøet.

Du er støttespelaren som gjer at gruppene kan planleggje og gjennomføre arrangement på best mogleg måte, sørger for at klubbhuset er ein ressurs vi utnyttar godt, og sørgjer for at IL Valder er synleg -- både i lokalmiljøet og på sosiale medium.

Du rapporterer til dagleg leiar og samarbeider tett med frivillige, komitéar og styret.

Vi tilpassar gjerne rolla til rett person -- fortel oss kva du er god på.

Ansvarsområde
  • Marknad: Sponsorar, partnarskap og salsmateriell.

  • Kommunikasjon: Sosiale media, nettside og innhald.

  • Arrangement: Tilrettelegging, dugnader og lotteri.

  • Klubbhus: Utleige, booking og drift.

  • Organisasjon: Støtte frivillige og styre i den daglege drifta.

Kva ser vi etter?

Vi verdset erfaring frå

  • Marknad, kommunikasjon, arrangement eller liknande

  • Frivillig sektor, idrettslag eller foreiningsarbeid

  • Sosiale medium og digitale kommunikasjonsverktøy

  • Sal og sponsorarbeid

Du er ein person som

  • Trivst med varierte dagar og mange ulike oppgåver

  • Tek initiativ og finn løysingar sjølv

  • Er god med folk -- både frivillige, samarbeidspartnarar og sponsorar

  • Er fleksibel i periodar med arrangement og aktivitetar

  • Har hjarte for idrett og lokalmiljøet på Valderøya

Formell utdanning

Relevant utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.

Erfaring og engasjement veg minst like tungt hos oss.

Vi er meir opptekne av kven du er enn kva du har på papiret.

Vi tilbyr
  • 100 % fast stilling i ein engasjert og varm arbeidsplass

  • Stor grad av sjølvstende og påverknad på eiga arbeidskvardag

  • Varierte og meiningsfulle oppgåver -- ingen dagar er heilt like

  • Tett samarbeid med dagleg leiar og engasjerte frivillige

  • Løn etter avtale i spennet, 500 000 -- 550 000 kr avhengig av erfaring og kvalifikasjonar

  • Ein klubb med røter sidan 1956 -- vi søker ein person som vil vere med å utvikle oss vidare

Praktisk informasjon

Søknad

Send søknad med CV til dagligleder@ilvalder.no innan 20. august 2026.

Merk e-posten «Marknad- og arrangementsleiar».

Spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med Elias Alnes Mulelid på telefon 412 45 553 eller e-post dagligleder@ilvalder.no.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Om bedriften

IL Valder er eit allsidig idrettslag på Valderøya i Giske kommune med ein visjon om å gjere Valderøya til ein betre plass å bo.

Med rundt 990 medlemmar, 650 aktive utøvarar og allidrett, fotball, friidrett og handball under same tak er vi eit solid og veksande lag med hjarte for lokalmiljøet.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d478b31c-4a67-4152-a6f0-7e871cb2511f

Sist endret

16. juni 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

466668601

Lignende annonser

Laster lignende annonser