Vi søker lærlingar til helsefagarbeiderfaget
Helse og mestring
Gamleveg 46, 3802 Bø i Telemark
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærling helsefag - midlertidig
- Type ansettelse
- Lærling, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 5
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. februar
Vi søker deg som har eit sterkt ønske om å bli fagarbeidar. Du er læringsvillig, påliteleg, møter presis og set ære i å levere arbeid av høg kvalitet til beste for dei som treng din fagkompetanse og hjelp.
Som lærling i helsefagarbeiderfaget får du moglegheita til å lære og utvikle deg i eit spennande og variert arbeidsmiljø. Du vil tileigne deg praktisk erfaring innan pleie og omsorg, og bidra til å betra livskvaliteten til våre pasientar. Du vil jobbe nært erfarne fagfolk som gir deg rettleiing og støtte gjennom lærlingetida. I tillegg til å få verdifull arbeidserfaring får du lønn under utdanning, praktisk opplæring, kurs og oppgåver som bygger din kompetanse.
Dersom du er klar for å ta steget inn i helsefagarbeiderfaget og ønskjer å bli ein del av vårt team, send søknad og CV. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Husk at du og må søke i VIGO og gjennom Opplæringskontoret for offentlig sektor Telemark (OKOS) FØR 01.03.2026 i tillegg til elektronisk søknad til kommunen.
Arbeidsoppgåver
I løpet av læretida skal du mellom anna få opplæring og arbeidsoppgåver i følgjande punkt:
- Ein helsefagarbeidar gir omsorg, personleg og praktisk hjelp til menneske som treng det. Som helsefagarbeidar jobbar du med menneske i alle aldrar og ulike livssituasjonar. Det kan vere barn, vaksne og eldre menneske med ulike funksjonshemmingar, sjukdommar, eller med behov for rehabilitering.
- Arbeidsoppgåvene varierer, og er avhengige av pasienten eller brukarens behov og kor du jobbar. Som helsefagarbeidar skal du kunne utføre grunnleggjande sjukepleie som til dømes sårstell.
- Du skal kunne hjelpe pasienten eller brukaren med praktiske gjeremål og personleg hygiene. Du har også administrative oppgåver som å skrive rapport.
- Som lærling i helsearbeiderfaget jobbar du i turnus. Dette inneber arbeid på dagtid, kveldstid, i helger og på høgtidsdagar. Gjelder ikkje dagsenter/aktivitetssenter.
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått alle fag i VG1 helse - og oppvekstfag og VG2 helsefagarbeiderfag
- I heimetenesten er det ein fordel med førarkort
- God muntlig og skriftlig framstillingsevne
NB: Husk å legge ved dokumentasjon på karakterar og fråvær som vedlegg til søknaden.
Personlege eigenskapar
- Er lærevillig, fleksibel og motivert
- Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Likar utfordringar og er løysingsorientert
- Er ansvarsbevisst, lojal og viser initiativ
Personleg egnahet, god orden og lite fråvær vil vektleggast i den i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Ei lærebedrift som har lang erfaring i å utdanne autoriserte helsefagarbeidarar.
- Dyktige instruktørar som har brei fagkunnskap på kvar enkelt arbeidsplass, og som er dyktige til å gi rettleiing og tilbakemelding til lærlingane.
- Interessante og spanande arbeidsoppgåver, tverrfaglege og aktive arbeidsmiljø.
- Lønn under utdanning.
- Oppfølging frå OKOS.
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune.
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Anny Iren Rinden, spesialkonsulent personal, +47 911 94 270Arbeidsstad
Gamleveg 463802 BØ I TELEMARK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5061412496
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 23.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Anny Iren Rinden
spesialkonsulent personal
+47 911 94 270
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d4787255-ad5a-4b4a-a0e3-1c7a40b69194
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
63678c99e5e34b8c8177a1d904af826b
Lignende annonser
Lærling barne- og ungdomsarbeider - midlertidig
Arbeidsgiver
Oppvekst
Sted
Bø i Telemark
Ferievikar 2026
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Sted
Gvarv
Sommervikarar 2026
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Sted
Gvarv