Hopp til innhold

Yrkesfaglærar i akvakultur

Arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune

Sted

5420 Rubbestadneset

Om jobben

Stillingstittel
Yrkesfaglærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 4. desember

Om stillinga

  • Arbeidsstad er Bømlo vidaregåande skule, lokasjon Rubbestadneset.
  • 100 % fast stilling med tiltredelse snarast.
  • Undervisning i programfag på vg1 naturbruk og vg2 akvakultur.

Vil du lære bort akvakultur der teorien blir til praksis, i båt, i akvahall og langs merdkanten? Og vil du vere med frå dag éin når skulen sin eigen akvahall startar produksjon? Då er det deg vi leitar etter.

Om skulen

Bømlo vgs har utdanningstilbod innan naturbruk, teknologi- og industrifag, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering og påbygg. Vi er fordelt på to lokasjonar, Leite og Rubbestadneset.

Skulen har 24 klassar, 412 elevar og 69 tilsette.

Vi har tett samarbeid med fleire lokale næringsaktørar, og ei offisiell samarbeidsavtale med Bremnes Seashore på akvakultur. Det gir elevane våre ei utdanning som ligg tett på det som skjer i næringa. Skulen er i siste innspurt før oppstart av produksjon i eigen akvahall (landbasert anlegg) ved Rubbestadneset.

Arbeidsoppgåver

  • Du skal undervise i programfaga på vg2 akvakultur, og ha noko undervisning på vg1 naturbruk. Det meste av undervisninga er praktisk retta.
  • Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om utplassering og læreplass til elevane.
  • Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
  • Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.

Kvalifikasjonar

Opplæringsforskrifta (§12-8) set krav til kven som kan tilsetjast som lærar i programfag på yrkesfaglegeutdanningsprogram. Du må oppfylle eitt avdesse:

  • Yrkesfaglærarutdanning
  • Universitets- eller høgskuleutdanning på minst 180 studiepoeng, inkludert pedagogisk utdanning
  • Faglærarutdanning
  • Fag- eller sveinebrev (eller anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring), pluss 2 års yrkesteoretisk utdanning overvidaregåande nivå, pluss 4 årsyrkespraksis etter fullført opplæring, plusspedagogisk utdanning
  • Lærarutdanning med minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk

Du treng ikkje vere utdanna lærar for å søke. Har du fagbrev og relevant arbeidserfaring, er du godt på veg. Den pedagogiske utdanninga kan du ta mens du jobbar hos oss.

Det er ønskjeleg med:

  • Undervisningserfaring.
  • Erfaring med havbruk og drift av anlegg.
  • Kunnskap om landbasert akvakultur og oppdrett.
  • Eit eller fleire relevante fagbrev.
  • Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert for å vere med og utvikle akvakulturutdanninga ved skulen i eit profesjonsfellesskap.
  • Du er flink til å skape gode relasjonar med ungdom, og du ser kvar enkelt elev.
  • Du tilpassar undervisninga slik at elevane opplever meistring i faget.
  • Du har god formidlingsevne og samarbeider godt med andre.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ein skule i utvikling, ei fagutdanning som ligg tett på næringa.
  • Eit godt samarbeid med lokalt næringsliv.
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Fleksibel arbeidsplass der du kan vere like mykje ute i naturen og på sjøen som inne i eit klasserom.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.

Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Søknadsfrist: 4. desember 2026

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d45d3498-b319-44fd-9b11-ce9396d68be4

Sist endret

20. november 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

481317895

Lignende annonser

Laster lignende annonser