Høgskuleutdanna behandlar
ISP Dag, Helse Førde
Dalavegen 29, 6856 Sogndal
Om jobben
- Stillingstittel
- Høgskuleutdanna behandlar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. november
Seksjon Dag ved Indre Sogn psykiatrisenter har ledig 100% fast stilling som høgskuleutdanna behandlar med oppstart i januar 2027.
Anna oppstartstidspunkt kan avtalast.
Indre Sogn psykiatrisenter (ISP) er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) med seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag er ein psykiatrisk poliklinikk for personar over 18 år.
Hos oss møter du eit tverrfagleg fagmiljø med tilsette frå ulike profesjonar og fagområde. Vi legg stor vekt på samarbeid på tvers av kompetanse og funksjonar, og arbeider saman for å gi pasientane eit heilskapleg og kunnskapsbasert behandlingstilbod.
Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar med psykiske lidingar og rusavhengigheit. Vi har òg behandlingstilbod til innsatte i fengsel og til eldre med psykiske lidingar og/eller kognitive utfordringar.
Vi har faste fag- og teammøte der erfaringar, informasjon og fagleg utvikling står sentralt. Dei tverrfaglege teama gir kvarandre støtte, rettleiing og motivasjon i det kliniske arbeidet. Det blir lagt til rette for kompetanseheving, og organisasjonen har eit tydeleg fokus på kunnskapsbasert praksis og fagleg utvikling.
Vertskommunen vår er Sogndal, og opptaksområdet omfattar om lag 30 000 innbyggjarar. Indre Sogn er kjent for storslått natur med fjord, fjell og varierte friluftsmoglegheiter året rundt. Her ligg det godt til rette for ein aktiv fritid, enten du trivst best på fjellet, på ski eller ved fjorden. Les meir om regionen.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, vurdering og behandling av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
- Planleggje og gjennomføre behandling med utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov og medverknad
- Samarbeide med og følgje opp pårørande ved behov
- Samarbeide med relevante samarbeidspartar i kommune- og spesialisthelsetenesta
- Poliklinisk og ambulant arbeid
Kvalifikasjonar
- Helse- eller sosialfagleg bachelorutdanning, gjerne med relevant vidareutdanning. Søkarar som er i gang med relevant vidareutdanning, vert òg oppmoda til å søkje.
- Erfaring frå arbeid med personar med psykiske lidingar og/eller rusutfordringar er eit krav.
- Førarkort klasse B er ønskjeleg.
- Søkarar frå land utanfor Skandinavia må dokumentere gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- God relasjonskompetanse
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Motivert for fagleg utvikling og læring
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Eit fagleg sterkt miljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Øyvin Helge Myrmel, Adm.sjef, (+47) 415 30 396Arbeidssted
Dalavegen 296856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5197798110
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Øyvin Helge Myrmel
Adm.sjef
(+47) 415 30 396
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d4490044-9373-44f6-b2f3-b6f384bd8356
- Sist endret
20. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1e766a8bf43249a5b46bc819f86b9d55