Hopp til innhold

Extra Naustdal søkjer tilkallingshjelp

Arbeidsgiver

Extra Naustdal

Sted

fjæra, 6817 Naustdal

Om jobben

Stillingstittel
Butikkmedarbeider
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

Vi søkjer ein engasjert og blid medarbeidar som likar ein utfordrande og variert arbeidsdag. Du er oppteken av å gje god service, og bidreg aktivt til at kundane våre trivst. Som tilkallingshjelp har du høve til å stille på kort varsel ved uventa fråvær i butikken, eller i høgsesongar og under ferieavvikling.

Vi søkjer også etter fast deltid helg, turnus er anna kvar helg. Då vi har medarbeidarar som skal vidare på studie til hausten.

Arbeidsoppgåver
  • Kundebehandling
  • Kasse
  • Varemottak / vareplassering
  • Førefallande reinhald og rydding
  • Post i butikk
  • Tipping

**Våre forventningar til deg:**Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.

Vi kan tilbyvarierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.

Søkjer må være over 18 år , kunne skrive og snakke godt norsk.

Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef

Søknad og CV registrerast digitalt.

Søknadsfrist: 28/02- 2026

Om bedriften

Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 189 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d444e847-eadd-46d8-a745-4f62234c88be

Sist endret

18. februar 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

450894508

Lignende annonser