Er du vår nye jurist?
Stiftelsestilsynet søker to nye kollegaer
Storehagen 1B, 6800 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2
Vil du jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag i ein god balanse mellom jobb og fritid?
Då vil vi gjerne sjå namnet ditt i søknadsbunken.
No har vi to ledige stillingar for deg som er utdanna jurist. Éi fast stilling og eit årsengasjement.
Kvart år gir norske stiftelsar fleire milliardar kroner tilbake til samfunnet. Stiftelsestilsynet si oppgåve er å føre tilsyn og rettleie dei, slik at dei på best mogleg måte kan jobbe for formålet dei har satt.
Sakene vi behandlar reiser spennande og kompliserte rettsspørsmål på lovområder som ikkje så mange kjenner til. Regelverka er utfordrande, og du vil bli viktig i arbeidet med å utvikle praksis saman med dyktige kollegaer.
Du vil bli ein del av eit team på 15 personar på Stiftelsestilsynet. Gjennom arbeidsdagane har vi mange gode diskusjonar, og vi er gode på å hjelpe og lære av kvarandre.
Synest du dette høyrest interessant ut? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss, vi fortel gjerne meir om desse spennande arbeidsoppgåvene.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og dialog med brukarar og andre aktørar.
- Behandle søknadar.
- Vere med å utvikle fagområde.
- Kunnskapsbygging og formidling.
- Delta i anna arbeid ved avdelinga etter behov.
Kvalifikasjonar
- Mastergrad i rettsvitskap / cand.jur.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Kjennskap til og forståelse for saksbehandling
- Erfaring frå kunde/brukardialog
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ, løyser problem og samarbeider godt med andre.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner
- Du er strukturert og tenker heilskapleg
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor skal du velge oss?
Hos oss får du rammer som sikrar deg ein god balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, og dessutan moglegheit for å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ei av Norges beste pensjonsordningar.
Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for. I Lotteri- og stiftelsestilsynet er vi ei god blanding av nytilsette og rutinerte, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Det skaper god dynamikk, og ikkje minst bidrar det til at vi lærer mykje av kvarandre. Vi har kantineordning, gratis parkering i parkeringskjellar, treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på treningssenter.
Verdt å merke seg
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Kontaktinformasjon
Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør, 900 74 974, Siw.Heggedal.Longvastol@lottstift.noJo Huus, seniorrådgivar, 975 26 852, Jo.huus@lottstift.no
Arbeidsstad
Storehagen 1B6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Lotteri- og stiftelsestilsynetReferansenr.: 4632515905
Stillingsprosent: 100%
Fast, Engasjement
Søknadsfrist: 16.04.2023
Om bedriften
På huset jobbar i overkant av 80 engasjerte kollegaer innan mange forskjellege fagfelt. Vi er éin samla arbeidsplass, men består av to tilsyn: Lotteritilsynet og Stiftelsestilsynet.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske stiftelsar og norske pengespeltilbydarar driv i samsvar med lova. Og vi skal stenge dei ulovlege tilbydarane ute frå Norge. Dessutan forvaltar vi fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Resultatet av det vi gjer? Mindre negative konsekvensar for speleavhengige nordmenn, at glade barn kan trikse på fotballbaner, ete kiosk-vaflar og ha sosiale møteplassar. Stiftelsar som jobbar med formålet og gir tilbake til samfunnet i form av aktivitetar og økonomisk støtte. Og det er berre litt av det. Om vi har ein jobb med meining? Ja!
Og dagens gladnyheit: Hos oss er det gode moglegheiter for jobb. Vi får stadig fleire arbeidsoppgåver og har dermed behov for folk. Så om du vil ha ein samfunnsnyttig arbeidsplass med kjekke kollegaer er det berre å ta kontakt. Om vi ikkje har ledig stilling ute akkurat no, vil vi oppmode deg om å gje oss ein lyd likevel. Kanskje det løyser seg? 😊
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2292640
- Hentet fra
talentech
- Referanse
96c27de5e3e9438396da6ca67770ce4d