Ambulansearbeidar/ Paramedisinar
Ambulanseseksjon Rauma-Vestnes, Helse Møre og Romsdal HF
Grøvdalsvegen 32, 6320 Isfjorden
Om jobben
- Stillingstittel
- Ambulansearbeidar/ Paramedisinar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Seksjon Rauma og Vestnes har ledig 1 x 100% fast stilling og 1 x 50 % fast stilling frå 15.02.26
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag i eit velfungerande og sosialt arbeidsmiljø. Seksjonen utfører om lag 2200 oppdrag i året, og du blir ein del av eit team som samarbeider tett på tvers av stasjonar og fagområde.
Vestnes ambulansestasjon dekkes med 1 døgnbil og ligger sentralt i Vestnes, samlokalisert med Brannvesenet, med kort veg til både sjø og vakre fjell med berre ein kort ferjetur til Molde. Rauma ambulansestasjon dekkes med 2 døgnbilar og ligg i naturskjønne omgjevnader i Isfjorden- perfekt for deg som likar friluftsliv og eit aktivt lokalsamfunn.
Arbeidsmiljøet vårt er prega av høg kompetanse og engasjement. Du vil få gode kollegaer som støttar kvarandre i krevande og meiningsfulle oppdrag.
Det må påreknast å jobbe ved begge stasjonane. Ved intern omrokkering kan anna stillingsprosent eller vikariater verte ledig.
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil-, båt- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.
Er dette noko for deg ? Da ønsker vi deg hjertelig velkommen som søker!
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester.
Arbeidsoppgåver
- Utføre ambulanse- og redningsoppdrag
- Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeda etter oppdrag frå AMK
- Samarbeide i team og med samarbeidsetatar
- Delta på undervisning og sertifiseringar
- Vedlikehalde faglege delegeringar som ligg til stillinga
- Utføre interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
- Utøve arbeidet i tråd med lover, forskrifter, prosedyrar og internt reglement som er gjeldande for helseføretaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar/ autorisasjon som paramedisinar
- Søkjarar med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
- Ha gjennomført og bestått utrykningskurs og ha dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
- Ha førarkort klasse C1
- Farmakologiutdanning tilsvarande 5 stp. på høgskulenivå
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Ønskjeleg med gjennomført paramedic-utdanning, eller vere villig til å fullføre slik utdanning
- Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Politiattest krevst før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
- Vere psykisk og fysisk eigna, bestå fysisk test før tilsetting. Fysisk test vil bli gjennomført årleg i samband med resertifisering
Personlege eigenskapar
- Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer
- Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar
- Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig
- Gode datakunnskapar og evne til samarbeid
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Fagleg engasjert og ansvarsbevisst, har pågangsmot og likar utfordringar
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din når du søkjer.
Kontaktinformasjon
Nils Christian Hoel, Seksjonsleiar, Nils.Christian.Hoel@helse-mr.noArbeidsstad
Grøvdalsvegen 326320 Isfjorden
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5027437016
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d434a896-5efd-48b2-934c-bae0efb53efc
- Sist endret
6. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
624f5b26137c4fd3b43f6843e6993d5e
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Høgskolen i Molde
Sted
Molde
Tilkallingsvikarer
Arbeidsgiver
Rauma kommune Rauma helsehus
Sted
Åndalsnes
Tilkallingsvikarer
Arbeidsgiver
Molde kommune Kleive- og Skåla omsorgsdistrikt
Sted
Molde