Ambulansearbeidar/ Paramedisinar
Ambulanseseksjon Surnadal, Helse Møre og Romsdal HF
Moavegen 27, 6650 Surnadal
Om jobben
- Stillingstittel
- Ambulansearbeidar/ Paramedisinar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. desember
Ambulanseseksjon Surnadal har ledig ei 100% fast stilling for ambulansearbeidar/paramedisiner med oppstart frå 01.02.26.
Vi består i dag av 2 heildøgns ambulansar med 16 fulltidstilsette. Vi har fokus på fagleg utvikling og best mogleg pasientbehandling. Vi søkjer etter fagleg engasjert og ansvarsbevisst paramedisiner/ambulansearbeidar som har evna til å inspirere og motivere andre til å yte betre i kvardagen.
Ved intern omrokkering kan stillingsprosent ved annan seksjon bli tilbudt. Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.
Klinikk for prehospitale tjenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserar den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil -, båt - og luftambulanse, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.
Om du har pågangsmot, liker nye utfordringar og føler denne stillinga kan vere noko for deg, oppfordrar vi deg til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Utføre ambulanse- og redningsoppdrag
- Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK
- Samarbeide i team og samarbeidsetatar
- Delta på undervisning og sertifiseringar
- Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
- Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
- Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar/ autorisasjon som paramedisinar
- Søkjarar med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
- Ha gjennomført og bestått utrykningskurs og ha dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
- Ha førarkort klasse C1
- Farmakologiutdanning tilsvarande 5 stp. på høgskulenivå
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Ønskjeleg med gjennomført paramedic-utdanning, eller vere villig til å fullføre slik utdanning
- Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Politiattest krevst før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
- Vere psykisk og fysisk eigna, bestå fysisk test før tilsetting. Fysisk test vil bli gjennomført årleg i samband med resertifisering
Personlege eigenskapar
- Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer
- Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar
- Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig
- Gode datakunnskapar og evne til samarbeid
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Fagleg engasjert og ansvarsbevisst, har pågangsmot og likar utfordringar
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Ein utfordrande arbeidskvardag
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din når du søkjer.
Kontaktinformasjon
Jonny Moen, Seksjonsleiar, Jonny.Moen@helse-mr.noArbeidsstad
Moavegen 276650 SURNADAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5041476692
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cb9b80b5-d16c-48df-802e-924e84bc3413
- Sist endret
24. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d3d9f0bb0d4a48bfa382457ccd1d5387
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta
Sted
Surnadal
Arbeidsgiver
Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta
Sted
Surnadal
Hjelpearbeider
Arbeidsgiver
Møre Oppdrettsservice As
Sted
Møre og Romsdal, Nordland, Trøndelag, Vestland