Hopp til innhold

Er du sjukepleiar eller vernepleiar og brenn for eldreomsorg?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Sted

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiarar/vernepleiarar - Natt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Natta er ikkje heilt stille hos oss – men ho er lærerik, variert og viktig.

Vi søkjer sjukepleiarar og vernepleiarar som ønskjer å jobbe natt hos oss. Som ein del av nattevaktlaget vårt får du ansvar, faglege utfordringar og tett samarbeid med gode kollegaer. Hos oss er natta både roleg og uforutsigbar – og aldri kjedeleg.

Kvifor jobbe natt hos oss?
  • Variert arbeid på tvers av avdelingar – du får brei erfaring og nyttar kompetansen din der behovet er størst
  • Sterkt fagmiljø med eigne sjukeheimslegar, mange studentar og lærlingar
  • For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
  • For arbeid på natt i tillegg kr 40.000 på årslønn
  • Godt arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre
  • Gunstige pensjons- og forsikringsordningar

Kven ser vi etter?
Vi ønskjer oss deg som:

  • har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar (gjerne med relevant vidareutdanning)
  • har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg og demensomsorg
  • er trygg, ansvarsfull og har gode samarbeidsevner
  • bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet og er fleksibel på ulike nattevaktlag

Om arbeidsplassen
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens.

Hos oss står bebuarane sine livshistorier og behov i sentrum – vi ser alltid personen bak sjukdommen. Vår visjon er «Varme og vekst i samspel», noko som gjenspeglar både omsorga for bebuarane, utviklingsmoglegheitene for dei tilsette og det gode miljøet i og rundt tropehagen vår på 1300 m².

Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: 
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no) 

Praktisk informasjon

  • Vi ønskjer fortrinnsvis søkjarar i store stillingar (inntil 90 %), men er fleksible på stillingsstorleik
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet 
  • Politiattest må leggast fram før oppstart
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
  • Søknader blir vurderte fortløpande, så send søknad snarast

Er du klar for å ta ansvar på natt – og samtidig få fagleg utvikling og eit godt fellesskap? Då håpar vi å høyre frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anita Kyrkjeteig-Pedersen

Avdelingsleiar

+47 900 93 176 +47 900 93 176

aky@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d4300079-e235-4178-835e-ca829d4b2e11

Sist endret

20. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3583689_196063_nn

Lignende annonser

Sjukepleiar/vernepleiar, 70% fast nattstilling

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Kvednatunet

Sted

Ågotnes