Tannpleier
Sogndal klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Øyagata 12A, 6868 Gaupne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tannpleier
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 15. mai
Vestland tannhelseteneste - Gaupne tannklinikk har ei ledig fast stilling som tannpleiar med startdato etter avtale. Til denne stillinga tilbyr vi eit rekrutteringstillegg på 15 000 kr årleg som eit tillegg til grunnlønna.
Gaupne er ein tettstad med ca. 1200 innbyggjarar, og er administrasjonssenteret i Luster kommune. Staden er omgitt av fjell og fjordar, og ligg i nærleiken av Jostedalsbreen, Sognefjellet, Jotunheimen og Urnes stavkyrkje, som er blant mange turistmål. Dei har eige badeland, idrettshall og kjøpesenter, og er ein rik kraftkommune. Frå Gaupne til Sogndal tar det ca. 30 minutt å køyre med bil. Gaupne tannklinikk ligg under Sogndal klinikkområde, og er ein klinikk for 2 tannlegar, 1 tannpleiar og 2 tannhelsesekretærar. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe i førstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer- Klinisk arbeid
- Halde seg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetningane i Vestland tannhelseteneste
- Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar og beherske norsk munnleg og skriftleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram gyldig politiattest. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Vi søkjer deg som:
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeider sjølvstendig og meistrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har gode samarbeidsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ønskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
- ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiar og kollega
- lønn i samsvar med gjeldande tariffavtale
- eit rekrutteringstillegg på 15 000 kr årleg som kjem i tillegg til vanleg grunnlønn
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
Alle nytilsettingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010, elisabet.skrede@vlfk.noArbeidsstad
Øyagata 12A6868 Gaupne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4963290728
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2929581
- Hentet fra
talentech
- Referanse
276d679e33994efe9b734e01022a76cb