Fysioterapeut
Sogndal kommune Fysio-, ergoterapi og friskliv
Riverdalen 5, 6856 Sogndal
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Er du fysioterapeut og ser etter nye utfordringar i eit fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø? Me har ledig 100 % vikariat frå 1. januar til 1. august 2026 ved tenesteeining for fysio-, ergoterapi og frisklivssentralen i Sogndal kommune.
Arbeidsoppgåver:
I stillinga treng me nokon som er trygg på å leie gruppetimar, gjerne både i sal og basseng.
Stillinga er også retta mot behandling og rehabilitering av vaksne og eldre personar på helsesenteret, heime og i institusjon.
Helsesamtalar og andre oppgåver gjennom frisklivssentralen kan bli aktuelt.
Arbeidsoppgåver kan bli endra ut ifrå endra behov i tenesta.
Sentrale ansvarsområde:
Leiing av gruppetimar
Sjølvstendig arbeid med pasientar og frisklivsdeltakarar.
Samarbeid med kollega og andre faggrupper
Kvalifikasjonar:
Offentleg godkjent fysioterapeut.
Godkjend politiattest
Du må vere trygg på å leie gruppetimar.
Erfaring frå kommunehelsetenesta, førebyggjande arbeid og pasientbehandling er ønskjeleg.
Førarkort klasse B er eit krav, å kunne nytta eigen bil er ein fordel
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting
Personlege eigenskapar:
Evne til sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeid
Motiverande og engasjerande
Påliteleg, lojal og med god rolleforståing
- Fleksibel, løysings- og utviklingsorientert
Gode sosiale og kommunikative eigenskapar
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d3fbe509-0aa3-4d40-b78d-12072e9a4475
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3558403_195353_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Bemanningssentral
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand
Sted
Leikanger