100% stilling som pedagogisk leiar
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leder i barnehage
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. januar
Vi har ledig fleire 100 % stillingar som pedagogisk leiar.
Det er ledig stilling i Bismo barnehage frå dags dato, og det vil vere ledige stillingar i både nye Skjåk barnehage og Dønfoss naturbarnehage frå 1. august 2026. Det er moglegheit for både fast stilling og vikariat.
Er du ein trygg og engasjert pedagog som brenn for barn sin leik, utvikling og trivsel? Har du lyst til å vere med på å forme framtidas barnehage i ei bygd der naturen er ein del av kvardagen? Vi søkjer deg som vil vere med på å utvikle vår nye barnehage.
Om barnehagane våre
Skjåk kommune har per i dag tre barnehagar, men frå hausten 2026 vil ein ny barnehage stå klar i Bismo. Avdelingane Bismo barnehage, som i dag er midlertidig lokalisert ved sjukeheimen Skjåkheimen, samt Holemork barnehage, blir slege saman til ein barnehage. Dønfoss naturbarnehage ligg vest for Bismo med naturen som leikeplass og læringsarena.
Felles pedagogisk plattform for alle barnehagane er under utvikling. Vi vektlegg godt fagleg miljø, engasjerte kollegaer, og meiningsfullt arbeid med barn i trygge og leikande omgjevnader.
Vi ser etter deg som
-
har godkjent barnehagelærarutdanning.
-
anna relevant godkjent utdanning kan også vere aktuell.
-
erfaring frå arbeid med barn blir vektlagt.
-
har eit sterkt engasjement for barnehageyrket og barn si utvikling, trivst ute i all slags vêr, og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
-
er raus, tydeleg og aktiv i barnehagen sin kvardag.
-
er ein trygg og tydeleg pedagog som deltek aktivt i kvardagen, er fleksibel og tilpassingsdyktig, og arbeider målretta både sjølvstendig og i team.
-
har interesse for fagleg utvikling, og har gode norskkunnskapar .
-
har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT.
Arbeidsoppgåver
-
Rettleie og støtte personalet i det pedagogiske/metodiske arbeidet.
-
Delegere oppgåver og sikre at barnehagen sine mål blir nådd.
-
Utarbeide og gjennomføre årsplan i samarbeid med styrar og tilsette.
-
Leggje til rette for godt samarbeid med føresette.
-
Dele kunnskap og bidra til kompetanseheving.
-
Halde seg fagleg oppdatert.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa og oppmodar særleg menn til å søkje.Andre stillingar kan òg bli ledige, både heile og deltid.
Hjå oss får du:
-
Tilsetting på kommunale vilkår og løn etter avtale
-
Pensjonsordning i KLP
Har du spørsmål?
Ta kontakt med styrar Heidi Jevnheim -- tlf. 901 93 957 eller dagleg leiar i Bismo barnehage Karin Fjerdingren -- tlf. 980 64 714.
Søknadsfrist: 31. januar 2026-
Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vite meir om oss?
Les meir om bygda og barnehagane våre på: www.skjaak.kommune.no
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk.Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.
Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no
Sletting av studielånVisste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Kommunedirektøren
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d3f0ecf6-ca55-4438-aaf2-918919681e38
- Sist endret
19. januar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d3f0ecf6-ca55-4438-aaf2-918919681e38
Lignende annonser
Barne- og ungdomsarbeider
Arbeidsgiver
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Sted
Skjåk
Pedagogisk leder i 100 % stilling
Arbeidsgiver
Vestre Toten kommune, Vestrumenga barnehage
Sted
Raufoss
Arbeidsgiver
Reinsvoll Barnehage Sa Privat Foreldreeid Barnehage
Sted
Reinsvoll