Vil du bli vår nye portør?
Service og logistikk avdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Portør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. august
Portørtenesta ved Haugesund sjukehus har behov for ein ny medarbeidar. Hovudoppgåva vår er å støtta avdelingane på sjukehuset med ulike servicetenester. No ser vi etter ein ny kollega til laget vårt.
Brenner du for service og logistikk, og ønskjer du å bidra i eit godt arbeidsmiljø saman med 10 andre kollegaer? Då ser vi fram til å bli kjende med deg og kompetansen din. Stillinga er på 35,5 timar per veke, med arbeid kvar tredje helg. Heilkontinuerleg turnus med dag-, ettermiddags- og nattevakter.
Vi søker også etter deg som kan tenke deg å være tilkallingsvikar hos oss. Oppgi i din søknad om du er interessert i fast stilling, tilkallingsvikar eller begge deler
Vi ser fram til å motta din søknad.🔗 Les gjerne denne artikkelen i Haugesunds Avis om livet som portør!
Kva går jobben ut på?
- Serviceoppgåver
- Transportoppgåver
- Avfallshandtering
- Mange varierte arbeidsoppgåver.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Ønskelig med relevant fagbrev (eksempelvis Helse/sosialfag, servicefag vekterfaget eller logistikkfag).
- Erfaring frå serviceverksemd.
- Førarkort kl. B (inkludert manuell gear).
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg.
- Erfaring med bruk av IKT som styringsverktøy i arbeidet.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er punktleg og påliteleg, og kommuniserer på ein tydeleg måte
- har evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler
- er i god form til fysisk arbeid
- tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, og tilbyr gjerne hjelp
- har evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og fritidsulykkeforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
Kontaktinformasjon
Geir-Inge Severinsen, Funksjonsleder, geir-inge.severinsen@helse-fonna.noJens Ove Hovda, Avdelingsleiar, jens.ove.hovda@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4997190342
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d3e15b74-fe74-4e09-a311-522153d5ce1d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1a2e12e651fc405ba3bad0c46096d194