Lærarstillingar i vakre Austevoll
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarstilligar i Austevoll kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Om stillinga
Vi søkjer etter positive lærarar som er klare til å bidra med utvikling til beste for elevar, kollegaer og seg sjølve! Vi har ledige 10 lærarstillingar ved skulane våre i kommunen og treng deg som er lærarutdanna!
Vi har 3 skular som ligg i flotte område med kort veg til mange opplevingar for barna og ungdommane våre. Vi har eit fantastisk svømmeanlegg, moderne idrettsanlegg og kort veg til sjø!
Visste du at du kan få redusert utdanningsgjeld i tråd med regjeringa sitt statsbudsjett for 2025 – ein fantastisk moglegheit for deg som ønskjer å bu og arbeide her!
Tilsette som ønskjer å pendle til Austevoll har gratis ferje og kort veg til arbeidsplassen!
Austevoll ungdomsskule er ein MOT -skule og deltar i tilleggsprogrammet "Skulen som samfunnsbyggar" og ligg tett inntil idrettsanlegget vårt. Storebø skule og Selbjørn skule er barneskular som er med i Trivselsleiar-programmet. Storebø skule ligg sentralt på kommunesenteret på Storebø med kort veg til ferje og Selbjørn skule ligg i flotte Bekkjarvik. Begge barneskulane er tett på sjø og brukar naturen i undervisninga.
Oppvekstsektoren har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire viktige satsingsområde.
Er du klar for å ta steget?
Kontakt oss for meir informasjon om jobben og korleis vi utvikle di karriere saman med oss eller søk på stilling. I søknaden ber vi deg skriva kva skule du helst vil arbeide ved.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning
- Kontaktlærar
- Faglæraroppgåver
- Arbeide i team med pedagogar og fagarbeidarar
- Følge opp elevar med særskilte behov
- Delta og engasjere seg i heile skulens arbeid og utvikling
- Bidra til å skape eit godt skulemiljø
Ønska kvalifikasjonar
Formelle kvalifikasjonskrav
- Grunnskulelærar GLU1-7 med spes.ped, GLU 5-10 eller anna godkjent utdanning for undervisning i grunnskulen
- Ha utdanning innanfor basisfaga engelsk, matematikk, naturfag, mat og helse, kunst og handverk, arbeidslivsfag, kroppsøving
- Ønskjeleg med undervisningserfaring, men nyutdanna er velkommen som søkjarar
- Internasjonale gradar må vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Personlege eigenskapar
- Vere strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, pedagogisk engasjement og evne til nytenking
- Vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar og kan bruke IKT som naturleg arbeidsverktøy
Vi krev gyldig politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men visast fram før tilsetjing. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å tilsette i midlertidig stilling i eit år.
Vi kan tilby
- Moglegheit for kompetanseutvikling og fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spennande utfordringar i utviklingsorienterte skular
- Løn etter avtaleverket, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr. pr år, kontaktlærartillegget er kr 32 000 kr pr år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med flinke og samarbeidsvillige kollegaer
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig