Fagansvarleg for sosialtenestene i Ulvik herad - 80% fast stilling
Ulvik Kommune
5730 Ulvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagansvarleg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Ulvik herad søkjer etter ein motivert person som vil ta over som fagansvarleg for sosialtenestene. Stillinga er om lag 50% arbeid med dei kommunale NAV-oppgåvene, og 30% arbeid knytt til flyktningar. Du vil være samlokalisert med statleg NAV-tilsett som har kontorplass i Ulvik, og du vil jobbe tett med andre fagområde i heradet. Du blir del av eit fagleg og sosialt fellesskap knytt opp til statlege NAV-tenester i regionen Hardanger og Voss, rus og psykisk helse, legekontor, flyktningtenestene.
OppgåverKjerneoppgåvene for stillinga vil vera sakshandsaming etter sosialtenestelova og oppgåver som høyrer naturleg saman med dette. Individuell oppfølging og rettleiing av flyktningar, særleg knytt til NAV-sine tenester.
Oppgåver inkluderer sakshandsaming, vedtak og oppfølging av brukarar inkludert klagesaker. Du vil få opplæring og ansvar for oppfølging av bustøtteordninga, og oppfølging av ordning for økonomisk råd og rettleiing som heradet har eit eksternt samarbeid om.
Som fagansvarleg er vil det bli forventa at du bidreg til tenesteutvikling gjennom arbeid med rutinar og det faglege innhaldet i tenestene.
Ynskja kvalifikasjonar-
Relevant sosialfagleg høgare utdanning på bachelor- eller mastergradnivå, helst sosionomutdanning
-
Erfaring frå NAV og sosialt arbeid
-
God IT-kompetanse
-
Erfaring med fagsystemet Socio er ein fordel
-
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
Me er ute etter deg som har evne til å arbeide sjølvstendig, med eit fagleg engasjement og høg motivasjon. Du bør ha god evne til å finne løysingar. Me er ein liten kommune og tilsette må ofte forholde seg til ein bredde i oppgåver og ansvarsområder som ein kanskje ikkje får i større kommunar -- du bør ha evnen til å sjå moglegheitene og fordelane med dette, og bidra til at me klarar å utnytte at me er små for å levere betre tenester. Du må kunne samarbeide og kommunisere med ei rekke fagområde og kollegaer.
Me kan tilby-
Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar
-
Kontorplass på sentrumsbygget i Ulvik sentrum
-
Mobiltelefon og PC
-
Ein arbeidsplass med stor variasjon og mange dyktige kollegaer.
Om bedriften
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, flyktningtenester. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterer til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d3c1614c-52da-4f99-8671-ba1f3046e18f
- Sist endret
19. februar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
449188603
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Voss herad Fysio-og ergoterapeuter
Sted
Voss
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Broto
Sted
Kinsarvik
Leiar for psykisk helse og rus
Arbeidsgiver
Voss herad Kommunalavdeling helse og omsorg
Sted
Voss
Fagarbeidar og/eller assistent
Arbeidsgiver
Voss herad Skulestad skule
Sted
Skulestadmo