Hopp til innhold

Matros i sommarrute og ressursgruppe i ein attraktiv 2:4-turnus!

Arbeidsgiver

Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Kvalvågnesvegen 681, 5956 Hundvin, 5620 Tørvikbygd

Om jobben

Stillingstittel
Matros i ressursgruppe Vestland / Sommerruta p.t. MF Lifjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

Denne stillinga er todelt. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd. Utanfor sommarsesongen blir du ein del av vår ressursgruppe i Vestland og bidreg til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband og reservefartøy. I denne rolla vil du vere utsjekka på fleire fartøy og tenestegjere på ulike samband etter behov. 

Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale.

For å kunne utføre stillinga når ein inngår i ressursgruppa må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.

Forventa oppstart 10.august


Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Ferdighetssertifikat matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper
 Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund.
    • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
    • Skiftordning: 98 timars arbeidsvekeveke, 2 veker på, og 4 veker av.
    • Ein kan bu om bord når ein er på vakt i sommarruta.
    • Reisekostnader over 15 km til og frå arbeid blir dekka av arbeidsgjevar når ein inngår i ressursgruppa.
    • Gode velferdsordningar: som mulegheita for å leige hytter og leiligheiter, og gode rabattordningar.

    Kontaktinformasjon

    Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no

    Arbeidsstad

    Kvalvågnesvegen 681
    5956 Hundvin

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5124423602
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 20.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Marit Synnøve Kjetland

    Rekrutteringsmedarbeider

    +47 47995295

    marit.kjetland@fjord1.no

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    d3ad57e8-aa6b-47a4-b17f-68ff2ffe2b88

    Sist endret

    5. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    c9ed6aeef6f74b4d8adbed3eb42ecc93

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser