Lærar
Vaksdal kommune
Lauvgardsvegen 6, 5722 Dalekvam
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du vera med oss og byggje framtidsskulen for alle elevane i Vaksdal?
Vi er stolte av det gode arbeidet som vert gjort av våre tilsette og ynskjer oss fleire lærarar med på laget.
På Dale skule treng vi lærarvikar frå snarast og ut skuleåret 23/24. Avhenging av kvalifikasjonar er undervisninga i hovudsak knytt til ungdomstrinnet med kontaktlærarfunksjon.
Arbeidsstad
Dale skule, på Dale i Vaksdal kommune.Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som
- er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar
- set eleven sitt beste i sentrum
- vektlegg tilpassa opplæring
- har god læreplanforståing og vurderingspraksis
- har gode samarbeidsevner
- er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
- har godt humør
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppmodar menn til å søkja.
Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
Krav til kompetanse
- Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar)
- God digital kompetanse
- Krava til kompetanse på ungdomstrinnet for å undervise i norsk, matematikk og engelsk er 60 studiepoeng. I dei fleste andre fag er kravet 30 studiepoeng. Det er ynskjeleg med lærarar som har brei undervisningskompetanse.
- Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
- Spanande og utfordrande stillingar
- Gode og kvalifiserte fagmiljø
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Elektronisk søknad. Klikk på "Søk stillinga" og følg vidare instruksjonar.
Kontaktperson
Direkte til rektor eller til:Jill Bru Johansen, Einingsleiar skule
Mobil: 45376534, jill.johansen@vaksdal.kommune.no
Om bedriften
Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar. Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkjar til ledige undervisningsstillingar, vikariat og/eller faste, frå august 2024. Både heiltid- og deltidsstillingar kan bli aktuelt.
I Vaksdal er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Skulane i Vaksdal har jobba i fellesskap med fagfornyinga. Målet i ny læreplan er å styrke utviklinga av elevane si djupnelæring og forståing. Verdigrunnlaget skal løftast fram, og elevane jobbar tverrfagleg med demokrati, medborgarskap, berekraftig utvikling, folkehelse og livsmestring. Vaksdalskulen har felles og langsiktige satsingar gjennom inkluderande læringsmiljø, PALS og digital læringsleiing, og som lærar i Vaksdal får du vere del av eit lærande profesjonsfellesskap.
Sektor
Offentlig
Nettsted