Bioingeniør - fast stilling
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Jonas Lies vei 91b, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegruppar (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, RELIS og SOReg.
Avdelinga utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss. Oppstart etter avtale. Aktuelle kandidater blir kontakta forløpande.
Arbeidsoppgåver
- Dei som blir tilsett må pårekne å utføre både analytiske og preanalytiske oppgåver
- Blodprøvetaking
- Bioingeniørar i grunnstilling må delta i vaktturnus
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer deg i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen
- Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Må kunne arbeide både i team og sjølvstendig og effektivt organisere eigen arbeidsdag
- Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
- Viser fagleg tryggheit, tillit og respekt
- Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
- Kan arbeide systematisk i stressande situasjonar
- Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
- Engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i Helse Bergen
- Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.noAnne Grete Aune, Seksjonsleiar MBF Drift og personalstøtte, 55973123, anne.grete.aune@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Jonas Lies vei 91b5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4972248239
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted