Coop Mega Ulsteinvik har ledig vikariat som butikkmedarbeidar i 80% stilling
Coop Mega Ulsteinvik
Vikemyra 1, 6065 Ulsteinvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Butikkmedarbeider
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Antall stillinger
1
Vi har ledig vikariat med ein stillingsgrad på 80%, og søkjer ein engasjert og blid medarbeidar. Oppstart 1. mai eller før. Vikariatet varer til 30.september. Stillinga ligg i turnus med faste arbeidsvakter på dagtid, kveld og annakvar laurdag. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, og i høgsesongar og feriar. Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk. Stillinga er ei poststilling, og opplæring i postfunksjonar vil bli gitt.
Arbeidsoppgåver- Kundebehandling
- Kasse, post
- Vareplassering
- Førefallande reinhald og rydding
**Våre forventningar til deg:**Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.
Vi kan tilbyvarierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Ann-Charlotte Amundgaard Sørheim
Søknad og CV registrerast digitalt.
Søknadsfrist: 21. mars 2025Om bedriften
Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 184 500 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.
Sektor
Privat
Nettsted