Brannsjef (Leiar for brann- og redningsvesenet)
Samfunn, kultur og miljø, Kinn kommune
Markegata 51, 6905 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Brannsjef (Leiar for brann- og redningsvesenet)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. november
Kinn kommune har høge ambisjonar om å vere ein tydeleg samfunnsutviklar og leverandør av gode tenester. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte leiarar og medarbeidarar. Godt førebyggande og beredskapsarbeid er avgjerande for å sikre tryggleik og tillit i omstillinga samfunnet står i.
Vi søkjer ein brannsjef som kan leie ei viktig teneste, skape eit godt arbeidsmiljø og utvikle brann- og redningsarbeidet i samarbeid med medarbeidarar og andre aktørar.
Brann- og redningstenesta har om lag 13 heiltidstilsette og 110 deltidstilsette, inkludert mannskap i Bremanger. Kinn kommune har avtale med Bremanger kommune om brann- og redningstenester.
Som brannsjef har du ansvar for den daglege leiinga, økonomien, medarbeidarane og den faglege utviklinga av tenesta. Du er tenesteleiar og rapporterer til kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø.
Vi ønskjer ein leiar som er tydeleg, lyttar til medarbeidarane og tek ansvar for eit godt samarbeid. Du må kunne ta avgjerder, handtere krevjande situasjonar og få folk til å arbeide mot felles mål.
Kinn kommune vurderer eit tettare samarbeid med andre kommunar om brann- og redningstenester. Eit interkommunalt selskap (IKS) er eitt av alternativa. Den nye brannsjefen vil få ei viktig rolle i dette arbeidet.
Tenesta kan få ei anna organisering i framtida. Eventuelle endringar i ansvar og oppgåver vil bli handterte etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Du får kontorstad i Florø, men må rekne med å reise mellom ulike arbeidsstader i Kinn og Bremanger
Arbeidsoppgåver
Som brannsjef skal du:
- Leie og utvikle brann- og redningstenesta i Kinn og Bremanger.
- Sørgje for god beredskap og førebyggjande brannvern.
- Ha ansvar for medarbeidarar, arbeidsmiljø og HMS.
- Følgje opp budsjettet, innanfor ein stram komuneøkonomi, og sørgje for god bruk av ressursane.
- Sikre at tenesta oppfyller krava i lover og forskrifter.
- Skape godt samarbeid mellom heiltidstilsette, deltidsmannskap og leiarar.
- Samarbeide med tillitsvalde og vernetenesta.
- Leie endringsarbeid og bidra til framtidig samarbeid med andre kommunar.
- Samarbeide med nødetatar, næringsliv og andre offentlege aktørar.
- Delta i kommunen sitt leiarnettverk og relevante fagnettverk.
Kvalifikasjonar
Du må oppfylle kvalifikasjonskrava til brannsjef for eit område med 20 000–50 000 innbyggjarar, jf. brann- og redningsvesenforskrifta § 45.
- Forskrifta opnar for to alternative kvalifikasjonsgrunnlag:
- Universitets- eller høgskuleutdanning på bachelornivå.
Minst to års erfaring som leiar av eit brann- og redningsvesen med ansvar for inntil 20 000 innbyggjarar.
I tillegg gjeld krav om utdanning i førebyggjande brannvern og kurs i overordna vaktberedskap og innsatsleiing. Desse kan etter forskrifta gjennomførast seinast to år etter tilsetjing.
- Vi ønskjer også at du har:
- Leiarerfaring, med personal- og økonomiansvar.
- Erfaring frå brann- og redningsteneste eller anna relevant arbeid.
- Erfaring med utvikling og endring i ein organisasjon.
- Kjennskap til offentleg forvaltning.
- God evne til å uttrykkje deg skriftleg og munnleg på norsk.
- Erfaring frå interkommunalt samarbeid er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på korleis du fungerer som leiar.
Vi ser etter deg som:
- Er tydeleg og trygg, og skaper tillit.
- Lyttar til medarbeidarane og tek dei med i utviklinga av tenesta.
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og handterer konfliktar på ein konstruktiv måte.
- Samarbeider godt med medarbeidarar, tillitsvalde, vernetenesta og andre samarbeidspartnarar.
- Tek ansvar, gjer gode vurderingar og følgjer opp avgjerder.
- Kan prioritere og ta avgjerder i krevjande situasjonar.
- Ser moglegheiter for å utvikle og forbetre tenesta.
- Er genuint opptatt av samfunnsutvikling
Vi tilbyr
- Ei viktig leiarstilling med ansvar for tryggleiken til innbyggjarane.
- Moglegheit til å påverke utviklinga av brann- og redningstenesta i Kinn og regionen.
- Dyktige medarbeidarar med brei erfaring og kompetanse.
- Eit godt leiarnettverk og samarbeid med andre tenester i kommunen.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Løn etter avtale.
- Kommunale tilsetjingsvilkår og offentleg tenestepensjon i KLP.
Kontaktinformasjon
Rolf Bjarne Sund, Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø, +47 91710500Arbeidsstad
Markegata 516905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5206616043
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Rolf Bjarne Sund
Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø
+47 91710500
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d335b812-4e04-4a68-af27-9bf473c93cbc
- Sist endret
10. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1682f7c1bbe64fda943836e8b4ae1092