Psykologspesialist/psykolog
Habilitering barn og ungdom Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 2, 6450 Hjelset
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 6. august
Habilitering for barn og ungdom ved SNR Hjelset sjukehus har ledig 100% fast stilling for psykologspesialist/psykolog frå 15.09.25
Habilitering for barn og ungdom i har eit tverrfagleg team som består av lege, psykolog/psykologspesialist, fysioterapeut, ergoterapeut, vernepleiar, pedagog og merkantilt personale. Vi arbeider i tverrfaglege team med diagnostisering, oppfølging/behandling, rettleiing og pasientopplæring. HABU har utstrakt samarbeid med kommunale tenester, og store delar av tenesta er ambulant. Målgruppa vår er born med medfødd eller tidleg erverva funksjonshemming/langvarig sjukdom, som har behov for tverrfaglege habiliteringstenester på spesialistnivå.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostisering
- Samarbeid i tverrfagleg team knytt til både utgreiing og behandling/oppfølging
- Pasientopplæring
- Oppfølging av foreldre/føresette
- Samarbeid med fagfolk i 1. linjetenesta, 2. linjetenesta og øvrige samarbeidspartnarar
- Delta i fagutvikling og forsking
- Ambulant arbeid er ein viktig del av oppgåvene våre. Søkjar må ha førarkort (klasse B). Vi har tenestebilar til disposisjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykologspesialist/psykolog
- Psykologer på lisens kan søkje og bli vurdert for stillinga
- Erfaring og kjennskap til utgreiing og oppfølging av HABU sine målgrupper
- Kunnskap om barn/unge med psykisk utviklingshemming, tidleg erverva/medfødde skadar og samansette vanskar er spesielt ønskjeleg
- Erfaring og kompetanse innan utgreiing og behandling/oppfølging for desse målgruppene
- Evne til å rettleie fagpersonar i førstelinjetenesta
- Meistre norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har heilskapsforståing
- Du utviser fleksibilitet
- Du er strukturert og målretta, og har evne til sjølvstendig planlegging
- Du har gode samarbeidsevner i eit tverrfagleg miljø
Personlege eigenskapar som er viktige for stillinga, vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Anne Helene Marøy Ulvestad, Seksjonsleiar, +47 70 10 64 46, Anne.Helene.Maroy.Ulvestad@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 26450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4989310494
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d333aaee-5d6f-499a-9376-280ef4e91c69
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1fc23a5685164ff29bd2af9b765e5b2b