Assistent
Ølve Montessoriskule
Ølvesvegen 461, 5637 Ølve, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assistent
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. april
Ølve Montessoriskule har ledig stilling som assistent frå skuleåret 2025-2026.
Assistenten skal hjelpe til i det daglege arbeidet ved skulen og SFO, og har oppgåver knytt til både enkeltelevar og heile gruppa. Me søkjer ein person som likar å arbeide med barn og unge, er fleksibel og positiv.
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Stillinga er omlag 60%, fordelt på fire dagar i veka og eit arbeidsår på 39 veker.
Om bedriften
Ølve Montessoriskule ligg idyllisk plassert i den vesle bygda Ølve i Kvinnherad Kommune. Skulen har vore privat sidan hausten 2013, og driv etter montessoripedagogikken. Me er gode på å nytta nærområdet, og nyt godt både av fjord, fjell og skog. Trygg på ferda, ut i verda!
Sektor
Privat