Funksjonsleiar for dialogsenter og sentralbord
Kontaktsenter, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. september
Likar du ein variert kvardag der du får bruke både oversikt og relasjonsbygging? Vi ser etter deg som trivst med å handtere mange ulike oppgåver på ein strukturert måte. Du motiverer og byggjer gode relasjonar – og gjennom leiarskapen din inspirerer du medarbeidarane til både samspel og kontinuerleg kvalitetsforbetring.
Som funksjonsleiar hos oss får du ansvar for dialogsenter og sentralbord i Helse Fonna. Du får leiaransvar for fag, kvalitet, drift, personell og økonomi i ei avdeling med 17 flinke medarbeidarar. Samtidig blir du ein del av leiargruppa i klinikken - med moglegheit til å påverke både utviklinga av tenesta og kvardagen til mange, frå første telefon til siste arkiverte dokument.
👉 Kjenner du deg igjen? Då håper vi du søker – vi gler oss til å bli kjent med deg!
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgåvene dine vil blant anna vere å:
- Ha drift-, økonomi, kvalitet- og personalansvar for avdelinga.
- Svare på telefonhenvendelsar til poliklinikkane
- Endre og avbestille timar i samarbeid med pasientar og poliklinikkar
- Bidra til godt samarbeid med poliklinikkane og sikre god informasjonsflyt
- Delta i leiar-, strategi- og investeringsmøte i klinikken
- Bruke og følgje opp arbeidet i pasientsystemet DIPS
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Det er ønskeleg med utdanning innan leiing.
- Relevant leiarerfaring, gjerne frå helsevesenet, kan vege opp for manglande formell utdanning.
- God kjennskap til IKT og pasientsystem (DIPS-erfaring er ein fordel)
- Søkjar må kunne norsk munnleg og skriftleg og grunnleggande ferdigheter i engelsk munnleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du
- kommuniserer tydeleg og klart, slik at mål og forventningar blir forstått og følgde opp i kvardagen
- finn gode løysingar, også når tempoet er høgt og presset er stort
- bidreg til utvikling og inspirerer andre til å tenkje nytt og forbetre arbeidet vårt
- har blikk for heilskapen, ser samanhengar og forstår korleis avdelinga heng saman med resten av føretaket
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ein spennande og variert jobb der du får kombinere leiing med operativt arbeid.
- Moglegheit for fagleg og personlig utvikling blant anna gjennom leiarutviklingskurs.
- Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar som støttar kvarandre.
- Praktiske fordelar som god tilgang til parkering like ved kontoret.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Dagmar Haugeberg, Konstituert avdelingsleiar, 52732073, dagmar.haugeberg@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4913820554
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d319864a-b437-4d68-9780-7ba7078ac384
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a0f4ca49eba34161be8404c1f2090447