Kulturhusvert, fast deltid.
Bømlo Kulturhus Kf
Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes
Om jobben
Nokre av vertane våre skal vidare på studier, og Bømlo kulturhus ser difor etter nye kulturhusvertar med opplæring og oppstart mars/april. Dette er deltidsstillingar, kveld og helg, som kulturhusvert. Stillinga kan innebere barvakter, søkar må difor være fylt 18 år ved oppstart.
- Stillingstittel
- Vertskap
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, deltid 20%
- Arbeidstid
- Vakt, kveld, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. februar
Send søknad til
Hva vi ser etter
Har du erfaring frå serviceyrker, matlaging, reinhald eller arrangementsgjennomføring, er dette eit pluss, men ikkje eit krav. Stillinga er i hovudsak kveld og helg, med mogelegheit for vakter på dagtid under konferansar.
Arbeidsoppgaver
Kulturhusvertane har ansvar for å yte service og sørge for at gjestene våre har ei god oppleving i kulturhuset.
Me ser etter deg som er engasjert, likar å halde orden og som møter publikum, kollegaer og artistar med eit smil.
Vertskapet står for sal av billettar, kioskvarer, mat og drikke, halde salar og publikumsområde reine, lettare matlaging og vertskapsrolle under kurs- og konferansar, oppdatere publikum om kva som skjer gjennom sosiale media, lagar meiroppleving rundt film- og scenearrangement, administrerer innslepp, håndterer kasseomsetning, sikrar tryggleik for publikum og gjer det vesle ekstra for at opplevinga i Bømlo kulturhus skal bli bra.
Har du erfaring frå serviceyrker, matlaging, reinhald eller arrangementsgjennomføring, er dette eit pluss, men ikkje eit krav. Stillinga er i hovudsak kveld og helg, med mogelegheit for vakter på dagtid under konferansar.
Vi tilbyr
I kulturhuset blir du del av eit team som får god opplæring og erfaring frå mange ulike arbeidsoppgåver knytt til arrangementsavvikling, kinodrift, kiosk og varesalg, servering, marknadsføring, events og konseptutvikling. Arbeidsdagane er varierte og sosiale.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bømlo kulturhus er Bømlo kommune sin kulturarena for lokal og nasjonal kultur. Her er scene og sal med 350 seter og kino/konferansesal med 100 seter. Her arrangeres konsertar, teater, dans og show samt rundt 700 kinovisningar i løpet av eit år. Dei som står på scena er alt frå skular, lokale teatergrupper og nasjonale aktørar som Riksteatret og omreisande artistar.
I Bømlo kulturhus ligg også Bømlo folkebibliotek og Bømlo kulturskule. Som kulturhusvert har du også eit tett samarbeid med desse.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d30e9cfb-d8b9-4c49-a6dd-430506d5e601
- Sist endret
21. januar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d30e9cfb-d8b9-4c49-a6dd-430506d5e601
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Norsk Natursenter As
Sted
Øvre Eidfjord, Vestland
Arbeidsgiver
Fortidsminneforeiningen
Sted
Lærdal, Vestland