Ledig stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Valestrand barnehage
Osterøy kommune
Eidsbakkane 42, 5281 Valestrandsfossen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledig fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Valestrand barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om barnehagen
- Valestrand barnehage finn du i naturskjønne omgjevnader på Osterøy, berre ein 20 min. køyretur frå Arna. Frå barnehagen har vi utsyn til Valestrand sentrum, Bullahuset og til ferja som går mellom Valestrand og Breistein.
- Vi har ein fin og variert leikeplass, i tillegg til eit nydeleg skogsområde kor vi disponerar eigen lavo. Hit går dei eldste barna regelmessig på tur.
- I Valestrand barnehage setter vi det relasjonelle arbeidet høgt og praktiserer ein atoritativ vaksenrolle kor det å være omsorgsfulle og tydelege vaksne vektleggjast.
- Vi jobbar aktivt med kvalitetsutvikling og har leik, utforsking og livsmeistring som grunnlag for livslang læring som satsing.
- Barnehagen er fullkost barnehage med fokus på næringsrik, sunn og god mat.
Barnehagen består av to avdelingar, ein småbarnsavdeling og ein storbarnsavdeling. I barnehagen vår møter du 31 barn og 8 tilsette.
Vi har ledig ein fast 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar med tiltredelse 1. mars eller ettar nærare avtale med leiar.
Arbeidsoppgåver
- Delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i barnehagen.
- Støtte og vere til stades for barna i leik og alvor.
- Bidra til eit godt foreldresamarbeid.
- Vise kjærleik og omsorg for kvart enkelt barn.
- Delta i daglege praktiske gjeremål.
- Vere ein god rollemodell, dei vaksne hjå oss skal vere verdt å etterlikna.
Hjå oss får du
- Moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
- Tett og godt samarbeid mellom kollegaer.
- Godt arbeidsmiljø og du blir ein del av ein lærande organisasjon.
- Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer.
- Ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, både ute og inne.
- Ein arbeidsstad som er inkluderandre arbeidsliv (IA) bedrift.
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar.
- Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg.
- Erfaring med å leggja tilrette for eit spanande fysisk leikemiljø og systematisk arbeid med barns medverknad og livsmeistring.
Kven er du?
- Du er varm, inkluderande og trygg.
- Du har gode samarbeidsevner og er utprega løysingsorientert.
- Du er opptatt av å skape gode relasjonar med foreldre og barn.
- Du har eit ønskje om å halde deg oppdatert og tileigne deg ny kunnskap.
- Du evna å halde hodet kaldt i ein travel kvardag.
- Du er entusiastisk og positiv.
- Du har eit ynskje om å arbeide med barn og eit hjarte for barndomens eigenverdi.
- Du ser det fysiske miljøet i barnehagen som eit mogelegheitsrom som kan stimulere til leik, utforsking og læring.
- Du evner å reflektere over eigne handlingar og haldningar i møte med andre.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted