Hopp til innhold

Leik, læring og lykke - vil du bli vår nye kvardagshelt?

Arbeidsgiver

Sjernarøy barnehage (7), Stavanger kommune

Sted

Sjernarøyvegen 898, 4170 Sjernarøy

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar SFO og barnehage
Oppstart
22. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Sjernarøy oppvekstsenter er eit oppvekstsenter med barnehage, skule og SFO. Me har 31 elevar i skulen, 12 barn i SFO og 13 barn i barnehagen. Å jobbe på eit oppvekstsenter er ei unik moglegheit til å få erfaring fra fleire deler av oppvekst- og utdanningssektoren.

Me jobbar i sett samarbeid med skule og SFO, noko som gir gode moglegheiter til eit bredt pedagogisk tilbod og eit større fagmiljø for dei tilsette. I skulen sine ferier er barnehagen og SFO slått saman under leiing av pedagogisk leiar i barnehagen. Barnehageavdelingen er nyoppussa, og fekk oppgradert uteanlegg i 2022. Me nytter digitale verktøy aktivt i kvardagen. Me ligg tett på natur og sjø, og brukar nærområdet aktivt, anten det er sopptur, setting av hummerteiner, fisking etter stinter, epleslang hjå naboen eller tur til ein bonde. Vårt slagord er: leik, læring og lykke - i ei stor lita verd. 

Me er 12 faste tilsette og søkjer no etter ferievikarar. Behovet er i veke 26, 27, 32 og 33. Oppvekstsenteret er stengt i veke 28-31. Det kan også vere aktuelt med ferievikarar i både vinter- og påskeferie. Oppgi i søknaden når du kan jobbe og kor mange dagar per veke du vil/kan jobbe.

Før du søker på stillinga ber me deg vurdere reisevegen til Sjernarøy. Skriv gjerne noko om dette i søknaden.


Arbeidsoppgåver

Kvardagen er mangfoldig og ingen dag er lik. Du vil få oppgåver ut i frå kva kompetanse du har. Hovudoppgåvene er:

  • Bidra i matsituasjonar, påkleding og andre praktiske oppgåver tildelt frå pedagogisk leiar.
  • Tilretteleggje pedagogisk arbeid som samlingsstund, tema, utflukter, leik m.m. i samarbeid med og under rettleiing av pedagogisk leiar eller fagarbeidar.
  • Delta aktivt i arbeidet med vurdering av barna sine individuelle behov og utvikling, skape relasjonar med dei og vise omsorg. 
  • Fremje eit godt barnehagemiljø og bidra til eit positivt samspel i barnegruppa.
  • Gripe inn i situasjonar med uønska atferd.
  • Bidra i foreldresamarbeidet ved avdelinga.
  • Ha ansvar for det praktiske arbeidet i samarbeid med det øvrige personalet.

Kvalifikasjonar

  • Du må vere over 16 år.
  • Personleg eignetheit vil bli tillagt stor vekt.
  • Dersom du har anna morsmål enn norsk/svensk/dansk, må du dokumentere at du har språkferdigheter tilsvarande B1.
  • Kan samarbeide godt med andre.

Ønskjelege døme på kvalifikasjonar, men ikkje eit krav:

  • Erfaring frå barnehage eller andre område i oppvekst- og utdanningssektoren.
  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Student, for eksempel barnehagelærar, grunnskulelærar, barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar m.m. 

Personlege eigenskapar

  • Arbeider sjølvstendig og bidrar til at arbeidsoppgåvene blir løyste på beste måte.
  • Du er hyggeleg og god på å skape og å vedlikehalde sunne og gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette.
  • Du er raus, tålmodig og varm.
  • Du er trygg, sjølvstendig og strukturert i din rolle.
  • Du er robust og taklar eit høgt arbeidstempo med ulike arbeidsoppgåver og utfordringar.

Me tilbyr

  • Trygge forhald. Me jobber tett i eit team på 3, og du vil få god opplæring og oppfølging som nytilsett. Ingen nytilsette har tidleg- eller seinvakt åleine den første tida.
  • Glede. Eit engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Leik, læring og lykke - som motto og i alt me gjer!
  • Frisk luft. Ein arbeidsstad tett på sjø og natur.
  • Utvikling. Du vil få oppgåver som gjer at du utvikler deg, personleg og fagleg.

Lønn:

  • Lønn i samsvar med KS tariffavtale.
  • 1. og 2.årsstudent (i relevant studieretning): årslønn 418 000. 
  • 3. årsstudent (i relevant studieretning): årslønn 444 300.

 

VELKOMMEN SOM SØKJAR PÅ SJERNARØY OPPVEKSTSENTER !

Kontaktinformasjon

Jarand Mikael Larsen-Rodvelt, Avdelingsleiar, 456 07 269, j.larsen-rodvelt@stavanger.kommune.no

Arbeidssted

Sjernarøyvegen 898
4170 Sjernarøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Stavanger kommune

Referansenr.: 5059001239
Stillingsprosent: 100%
Sommerjobb
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 14.08.2026
Søknadsfrist: 28.02.2026

Om bedriften

Stavanger kommune er, med sine 11 000 ansatte, en av regionens største arbeidsgivere.

Vi mener inkludering og mangfold er en styrke. Vi er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mulig grad skal gjenspeile mangfoldet i samfunnet, og oppfordrer alle kvalifiserte til å søke, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. 

Vi jobber for heltidskultur med mål  om å ansette i hele stillinger.

Som ansatt i Stavanger kommune får du utgjøre en forskjell for kommunen og innbyggerne og blir en del av en spennende storbyregion. 

Vi bygger fellesskap ved å være nære, åpne og nyskapende

Offentlig søkerliste: 
Stavanger kommune praktiserer prinsippet om meroffentlighet. Offentlig søkerliste vil normalt inneholde navn på samtlige søkere. Det må foreligge tungtveiende grunner for å få innvilget unntak, jamfør Offentleglova §25.

Politiattest:
Gyldig politiattest må fremlegges før tiltredelse for stillinger der det er påkrevd iht. lovverk.

Vedlegg:
Attester, vitnemål og vedlegg må legges ved søknaden. Vi oppfordrer til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning utført utenfor Norge må være godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (eller NOKUT), og godkjenningen må dokumenteres.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d2e232c9-6ba9-4987-983b-ac8e0cf391f4

Sist endret

1. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d3f2764cba3c4935b3d5b0d0b9408480

Lignende annonser

Leik, læring og lykke - vil du bli vår nye kvardagshelt? - arbeidsplassen.no