Sokneprest Ellingsøy sokn
Den norske kirke, Møre bispedøme
Moldetrappa 1, 6415 Molde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sokneprest Ellingsøy sokn
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 20. august
Sokneprest 60 % stilling i Nordre Sunnmøre prosti med Ellingsøy sokn som særleg tenestestad
Nordre Sunnmøre prosti er frå 1. januar 2020 eit samanslått prosti av (gamle) Nordre Sunnmøre prosti og Austre Sunnmøre prosti. I dag omfattar prostiet kommunane Ålesund, Giske, Sykkylven, Stranda og Fjord, med til saman 97000 innbyggjarar. Omlag 75 000 er medlemmer av DNK. Folketalet i prostiet er aukande.
Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim og folketalet i kommuna er på omlag 65 000 innbyggjarar. Byen er eit dynamisk regionsentrum for Sunnmøre. Næringslivet er forankra i marine og maritime næringar, handel, offentlege arbeidsplassar og industri. Byen har godt utbygd skuletilbod og har Universitet (NTNU) som har god kontakt med næringane i regionen. Byen er av dei finaste og mest særprega i landet og tar imot eit aukande tal med turistar som vil oppleve byen og den flotte sunnmørske naturen. Det er eit område med svært gode muligheite for naturopplevingar om ein likar sjø og fjell.
I kommuna ligg Ålesund sjukehus, fleire grunnskular, to vidaregåande skular, to folkehøgskular og to private kristne ungdomsskular.
Vigra lufthamn ligg ca 20 minutt unna Ellingsøy, og har flysamband til resten av Norge og til utlandet. Sjå www.alesund.kommune.no og http://www.kirken-aalesund.no/ for fleire opplysningar.
Det er ledig stilling som sokneprest 60 % stilling i Ellingsøy sokn med Nordre Sunnmøre prosti som tenestedistrikt.
Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eitt samarbeidsområde. Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting. Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.
Ellingsøy, kjend for sine mange bedrifter innan det marine/maritime, er eit sokn med ca. 2100 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med scene og moderne lyd/lysanlegg, og kontor for tilsette. Frå Ellingsøy kyrkje til Borgund kyrkje er det 13 km.
Det er eit aktivt frivillig arbeid i kyrkja med ungdomsklubb, speidararbeid, kunstkafe, baby og småbarnsang, laurdagskafe, Time for tanken, og ettermiddagstreff. Soknet har ca. 30 konfirmantar pr. år. Det er godt samarbeid med Ellingsøy bedehus.
Soknerådet ynskjer å prioritere arbeid for ungdom og familier, og at ein også skal rekke ut til dei mange utanlandske familiane som kjem til Ellingsøy i forbindelse med arbeid. Eit gamalt naust nedanfor kyrkja er restaurert og teke i bruk i arbeidet for barn og unge.
Borgund sokn har ca. 5600 medlemmer. Soknekyrkja var bygd i 1907 og har 500 sitjeplassar. Borgund kyrkjelydskontor ligg i kyrkjelydshuset nedanfor kyrkja. Her er også barnehage og lokale for kyrkjelyden. NTNU soknar geografisk til kyrkja. På prestegardsområdet i Borgundgavlen ligg Borgund dyreklubb. Innanfor soknegrensene ligg og den katolske kyrkja.
Dei to sokneprestane i samarbeidsområdet Ellingsøy sokn og Borgund sokn deler på gudstenester og tenesteveker. Ellingsøy har organist i 50 % og kyrkjetenar i 50 % stilling. Diakon, kateket, kyrkjelydspedagog og dagleg leiar deler ein på i begge sokna. I soknet ligg eit bukollektiv for eldre som får regelmessig kyrkjeleg teneste.
Ellingsøy bydel har tre grunnskulekrinsar, den eine med ungdomsskule.
Du er velkomen til å sende din søknad med CV, vitne...[TRUNCATED]
Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til presteteneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og livssynssamfunn § 20
Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
Utdanningsnivå
Cand. theol – profesjonsstudium i teologi (etter 2004)
Cand. theol – eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
Anna utdanning godkjend av Kirkerådet
Myklebost
Referansenr.: 4992359960
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 20.08.2025

Arbeidsoppgåver
- Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for kyrkjelydsprestar" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremja i kyrkjelydane.
- I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane i samarbeidsområdet.
- Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring, interesser og nådegåver i fordelinga av oppgåvene mellom prestane.
- Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning. Prostiet er inndelt i 2 beredskapsområder.
- Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, bygge kyrkjelyd, og vere ein pådrivar for å skape eit «vi» som omfavner menneske med ulik alder, bakgrunn, etnisitet og oppfatning. Du vil få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til presteteneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og livssynssamfunn § 20
Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette.
Utdanningsnivå
Cand. theol – profesjonsstudium i teologi (etter 2004)
Cand. theol – eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
Anna utdanning godkjend av Kirkerådet
Personlege eigenskapar
- Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.
- Kontaktskapande med evne til å byggje nettverk.
- Formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
- Vere med på å skape eit godt samarbeid med tilsette og med frivillege medarbeidarar.
- Søkjar må opplyse om han/ho beherskar begg målformer. Liturgi og tenestemål i området er nynorsk.
- For å bli tilsett må ein ha sertifikata og kunne disponere eigen bil.
- Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd.
Vi tilbyr
- Løn etter hovudtariffavtalen i Den norske kyrkja, lønsgruppe 1555 sokneprest.
- Innskot i Statens pensjonskasse.
- Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette.
- Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.
- Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
- Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Heimeside: https://www.ellingsoy.kyrkjelyd.no/
Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke
Kontaktinformasjon
Karl Johan Bjørge, Prost, +47 92423862Arbeidsstad
Myklebost
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 4992359960
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 20.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Karl Johan Bjørge
Prost
+47 92423862
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d294ee5d-629b-469f-9170-47b0dd90bd05
- Hentet fra
talentech
- Referanse
81f0ef330cf34d629bf6698094c75d4b