ID 977 prosjektleiar i 100% stilling, etat samfunnsutvikling og drift
Fitjar Kommune Plan- Og Miljøavdelingen
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar, Ingeniør
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. januar
Etaten Samfunnsutvikling og drift i Fitjar kommune har ansvar for gjennomføring av kommunen sine investeringsprosjekt. Til ei nyoppretta stilling søkjer me etter prosjektleiar. Prosjektleiaren vil i samarbeid med etatssjef ha ansvaret for oppfylging og gjennomføring av investeringsprosjekta. Investeringsprosjekta vil variera frå dei minste innkjøpa på rundt 100 000,- til dei største byggjeprosjekta.
Kontorstad er Fitjar rådhus. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Sentrale arbeidsoppgåver:-
Gjennomføring av kommunen sine investeringsprosjekt, frå start til mål. Dette vil m.a. kunna innebera
-
Prosjektering, med oppfylging av konsulentar
-
Grunn- og rettigheitserverv
-
Utarbeiding av søknadar til offentlege instansar, slik som byggjesøknadar, kontakt med vegmynde, søknadar til Arbeidstilsynet mv.
-
Arbeid med offentlege anskaffingar
-
Gjennomføring med entreprise og oppfylging av leverandørar og entreprenørar. Oppfylging på byggjeplass.
-
Ivaretaking av kommunen sitt ansvar som byggherre
-
Oppfylging i prøvedriftsperiode i samarbeid med einingsleiar for teknisk
-
Internkontroll og SHA-arbeid i prosjekta.
-
Økonomistyring
-
Forvaltning og kontroll av FDV-dokumentasjon.
-
Førebuing av saker til politisk handsaming.
Ved behov vil det kunna vera behov for å ta del i andre oppgåver som ligg til etaten.
Kvalifikasjonar for stillinga-
Ingeniørutdanning innan relevante fag, fortrinnsvis byggingeniør. Lang realkompetanse vil i særskilte tilfelle kunna kompensera for manglande formell utdanning.
-
Erfaring frå prosjektarbeid, inkludert økonomistyring, er ynskjeleg.
-
Kjennskap til offentleg forvaltning og aktuelle regelverk er ein føremon.
-
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg.
-
Evne til å jobba sjølvstendig, ryddig og strukturert, og til å forhalda deg til fristar.
-
Interesse, evne og vilje til å læra deg dei delane av oppgåvene knytt til stillinga som du ikkje har erfaring med frå tidlegare.
-
Førarkort i klasse B
Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga vil verta vektlagde.
Me kan tilby:-
Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
-
Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
-
God offentleg pensjonsordning
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt søkjar spesifisera og grunngje det i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verta ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, skal søkjaren varslast om dette.
For nærare info om stillinga, ta kontakt med etatssjef for Samfunnsutvikling og drift Louise Pettersen, tlf 415 77 063.
Les meir om kommunen og stillinga på fitjar.kommune.no/stilling
Kontaktperson for stillingen
Louise Pettersen
41577036
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Meir informasjon om Stord/Fitjar turlag finn du her
Visit Fitjar inneheld informasjon om ymse aktivitetar i Fitjar.
Litt informasjon om Fitjar turistinformasjon: Fitjar turistinformasjon | Tourist Information | Fitjar | Norway (visitnorway.no)
www.visitsunnhordland.no inneheld mykje informasjon om reisemål, aktivitetar og tenester i Sunnhordland.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Fitjar kommune ligg midt i Sunnhordland - les meir om regionen her.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2834309
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
d2874165-d42b-4241-bf67-ede1d298dbea