Kulturvert på Minne kultursenter i kombinasjon med barne- og ungdomsarbeider ved Åseral barne- og ungdomsskule
Åseral kommune
Ljoslandsvegen 9, 4540 Åseral
Om jobben
Stillingstittel
Kulturvert på Minne i kombinasjon med barne- og ungdomsarbeider ved Åseral barne- og ungdomsskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Fast stilling i 100% som kombinerer arbeid som kulturvert på Minne kultursenter, og barne- og ungdomsarbeider ved Åseral barne- og ungdomsskule.
Stillinga er fordelt 55/45.
Kulturtilbodet i Åseral er godt og variert. Det er jamn aktivitet med blant anna bygdekino, bibliotek, konsertar, utstillingar, kulturmønstring og meir. I tillegg er det mykje aktivitet i regi av lag og foreningar. Sommaren 2010 blei Minne Åseral kulursenter opna. Senteret skal vise Åserals kulturarv og kulturliv, og det rommer folkebibliotek, bygdemuseum, galleri, turistinformasjon, kafé og ikkje minst ein flott eplehage der ein kan nyte utekonsertar.
Åseral kommune sin visjon er ei positiv kraft.
Vi har eit svært godt arbeidsmiljø, der det å arbeide saman mot felles mål er viktig for oss.
Vi kan vi vil, og då skal vi få det til er mottoet vårt på skulen.
Åseral barne- og ungdomskule er ei skule på ca.110 elevar som ligg vakkert til i Kyrkjebygda i Åseral kommune. Ved skulen ligg kunstgrasbane, friidrettsbane og fleirbrukshall som er mykje nytta. Nytt av året er at skulen har fått dekkjungel og sykkelbane. I tillegg har vi naturen rundt med et nyrenovert uteområde som vi prøver å nytte så godt som råd er.
Arbeidsoppgåver
I rollen som kulturvert på Minne vil du bli involvert i oppgåver som:- Skranke
- Enkel kafè betjening
- Enkle bibliotekoppgåver
- Onsdagsklubben
- Bygdekino
- DKS (den kulturelle skulesekken og den kulturelle spaserstokken)
- Faste arrangement på Minne
- Diverse kulturarrangement
- Utvikling av Minne kultursenter
- Noko sakshandsaming og andre oppgåver kan påreknast
Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast
Arbeidsoppgåvene på skulen kan mellom anna innbere "ein til ein" arbeid, arbeid i SFO og i enkelte klassar.Kvalifikasjoner
Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeider eller tilsvarande kompetanse.
Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing.
Personlege eigenskaper
Vi søker medarbeidarar som:
- Har interesse for kultur og kulturarbeid
- Kan arbeide sjølvstendig
- Har evne til å skape gode relasjonar til både elevar og andre tilsette
- Har evne til å leie tydeleg, strukturert, forutsigbart og sette tydlege grenser.
- Er fleksible og har endringskompetanse
- Har stor fagleg kompetanse og stort engasjement
Erfaring med arrangement er ein fordel
Du blir ein del av eit lite, men godt team på kultur, så gode samarbeidsevner er ei forutsetning.
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldene lover og tariffer
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige tilsette
- Rettleiing for nyutdanna
- Vi kan hjelpe til å finne bustad
- Barnehageplass
- Gratis SFO
flytttilåseral.no Åseral barne- og ungdomsskule
Vi gjer merksame på at fast tilsette kan ha fortrinn til stillinga jf. arbeidsmiljøloven § 14-3:
Kontaktinformasjon
Helene Håvorstad Ljosland, kst. rektor, 97570091, Helene.Havorstad.Ljosland@aseral.kommune.no
Ann Kristin Tollefsen, Einingsleiar kultur, 99493765, Ann.Kristin.Tollefsen@aseral.kommune.no
Arbeidssted
Ljoslandsvegen 9
4540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 4632520750
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.03.2023
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2281514
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5545972fd6a44fb8b11ee8651a8aefb8