Hopp til innhold

Overlege innan rus- og avhengigheitsmedisin

Arbeidsgiver

Langtids døgn rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Glomstuvegen 40, 6412 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Overlege innan rus- og avhengigheitsmedisin
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i dag

Ønskjer du nye utfordringar i 2025? Kva med å bli ein del av eit fagfelt i stadig utvikling, der du som overlege kan utvikle og bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønskjer du å jobbe i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø?

Då bør du vurdere ei stilling hos oss. Vi søkjer ein overlege med interesse og engasjement for rusfeltet, som vil vere med å vidareutvikle eit godt og heilskapeleg behandlingstilbod for pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Avdeling TSB gjev tverrfagleg spesialisert behandling til vaksne med rus- og avhengigheitslidingar. Individuelt tilpassa behandling vert gjeve i form av poliklinisk oppfølging, avrusing (akutt og elektiv) samt differensiert døgnbehandling. Avdelinga består av poliklinikk, avrusning og korttidsdøgn i Ålesund, og poliklinikk og langtidsdøgn i Molde. I tillegg tilbyr TSB eigen poliklinisk oppfølging til pårørande, behandling av spelavhengigheit og behandling av anabole steroider. For å sikre heilskaplege og koordinerte tenestar samarbeidar TSB med ulike eksterne instanser.

Ved Langtidsdøgn tilbyr ein behandlingsmetodikk for traume som kombinerer narrativ eksponeringsterapi-NET og dialektisk åtferdsterapi -DBT i kombinasjon med rusbehandling. Dette er tema i eit pågåande Phd-prosjekt. Vi i avdeling TSB er oppteken av fagleg utvikling, og har fleire pågåande forskingsprosjekt knyta til PhD-løp.

Langtids døgn er lokalisert sentralt i Molde by med mange fasilitetar i umiddelbar nærleik. Stillinga er ikkje tilknytta vaktordning og har med det ei familievennlig arbeidstid. Arbeidstid er på dagtid, for tida ingen vaktordning.

Ta kontakt for ein uformell prat om du ønskjer meir informasjon. Du er velkomen som søkjar!


Arbeidsoppgåver

  • Pakkeforløp
  • Diagnostikk
  • Medikamentvurderingar
  • Behandlermøter
  • Utgreiing 
  • Pasientansvarlig lege i behandlingsforløp 
  • Tverrfagleg samarbeid og anna pasientretta arbeid
  • Undervisning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent spesialitet innan rus- og avhengigheitsmedisin eller psykiatri
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserer godt både eksternt og internt
  • Du trivast med å arbeide i team på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her

Kontaktinformasjon

Marianne Haug Johansen , Seksjonsleiar, 71 21 98 00, marianne.haug.johansen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Glomstuvegen 40
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5009259469
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 12.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Marianne Haug Johansen

Seksjonsleiar

71 21 98 00

marianne.haug.johansen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d213646c-2e74-401e-aedb-c14afca42d60

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8fa7f68cc93e4842a223092fe1fa6837

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Molde