Lege i spesialisering i revmatologi
REVMATOLOGI OG HUD, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Oppstart
- 4. januar 2027
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering i revmatologi
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. oktober
Revmatologi er eit fantastisk interessant fag som kombinerer praktiske prosedyrar (m.a. ultralyd av kar, nervar, ledd/leddinjeksjonar), samt indremedisinsk puslespel-legging på eit komplisert immunologisk bakteppe.
Vi søker deg som ønskjer ein variert og spennande kvardag, og som vil vere med og utvikle revmatologi-faget vidare saman med gode og engasjerte kollegaer.
Supervisjon og veiledning er satt i system der overlege alltid er tilgjengeleg. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå spesialitetskomiteen i revmatologi for måten vi driv opplæring og oppfølging på. Vi har ein fylkesdekkande funksjon og er den einaste revmatologiske avdelinga i Møre og Romsdal fylke.
Vi tek oss av pasientar med artrittsjukdommar, bindevevssjukdommar og vaskulittar. Avdelinga har sengepost med 2 senger og poliklinikk, og har tilknytta legar, sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretærar. I revmatologisk avdeling Ålesund har vi eit stort fagleg engasjement på både nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi har i over 10 år bidrege i store multisenterstudiar, som har gitt pasientar moglegheita til å ta i bruk det siste og nyaste av behandlingsmetodar.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Erfaring frå revmatologi vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide sjølvstendig samtidig som du støttar deg til erfarne kollegaer
- Du er ansvarsbevisst
- Du er fleksibel og samtidig strukturert
- Du har gode samarbeidsegenskapar
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Ida Grøtta Barstad, Seksjonsleiar, +47 70105458, Ida.Grotta.Barstad@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5182825786
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 11.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d1fbac1d-b926-48c5-aca7-39f5341af151
- Sist endret
24. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
66a6dd34f632434395090be342c78ac8