HR-konsulent
Herøy kommune - verksemdstyring - HR/HMS-avdelinga
Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg
Om jobben
Stillingstittel
HR-konsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. september
Er du engasjert, fleksibel og har sterk interesse for HR-faget? Då kan dette vere stillinga for deg.
HR/HMS-avdelinga er ein del av sektor for verksemdstyring, saman med avdelingane økonomi og kommunikasjon. Vi er fire tilsette i HR/HMS-avdelinga som jobbar breitt med HR-relaterte oppgåver og har tett samarbeid med leiarar, tillitsvalde, verneteneste og kollegaer i sektoren.
Arbeidsoppgåver
- rekrutteringsarbeid og rekrutteringsstøtte
- introduksjon for nye tilsette
- sakshandsaming
- opplæring, rådgjeving og rettleiing innanfor fagområde
- kvalitetsarbeid og internkontroll
- administrasjon og vedlikehald av system og prosessar
- oppgåver knytt til lønsarbeid
- delta i relevant kartleggings-, utviklings-, plan- og prosjektarbeid
Vår organisasjon er i utvikling, og oppgåver og ansvarsområde innanfor fagfeltet vil kunne bli endra.
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning med minimum bachelornivå
- erfaring frå HR- og lønsarbeid er ønskeleg
- kunnskap om relevant lov- og avtaleverk
- god IKT-kompetanse og evne til å utnytte kapasiteten i digitale system
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- du er positiv og serviceinnstilt
- du har god formidlingsevne og er god til å bygge relasjonar
- du er strukturert, fleksibel og samarbeider godt med andre
- du er sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
- du har evne til å tenke heilskapleg, sjå samanhengar og konsekvensar
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt saman med relevant kompetanse og erfaring.
Vi tilbyr
- ei variert og spennande stilling med høve til fagleg og personleg utvikling
- eit godt fag- og arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- fleksitidsordning
- løn etter avtale
Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan bli offentleggjort. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Ann-Kristin Eiken, avdelingsleiar, +47 48 27 90 21
Arbeidsstad
Rådhusgata 7
6090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5005525491
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Ann-Kristin Eiken
avdelingsleiar
+47 48 27 90 21
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d1f68912-4abd-4397-812f-8b1b71f30add
- Hentet fra
talentech
- Referanse
48e42e38c94e48f3b4cacea33d51efdc