Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Os barneskule
Giskavollen 20, 5200 Os, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar ved Os barneskule
Type ansettelse
Fast, deltid 89%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Arbeidsstad Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2025–2026 har vi ca. 208 elevar og 31 tilsette. Satsingsområda våre er grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning – i tillegg til jamt og trutt arbeid med å skapa eit godt skule- og læringsmiljø – der elevane kjenner seg trygge, vert anerkjente og opplever meistring.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna.
Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no
Arbeidsoppgåver
Som fagarbeidar på Os barneskule skal du følgje opp elevar og elevgrupper med ulike utfordringar. Du skal samarbeide tett med lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar og bidra til å skape ein Vi -kultur rundt arbeidet mot elevar og dei føresette. Denne stillinga er tenkt både i skule og SFO.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som fagarbeidar, lang erfaring og personlege eigenskapar kan vege opp for dette.
Eigenskapar
Som fagarbeidar på Os barneskule må du like å skape gode relasjonar til elevane gjennom . Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein trygg og raus person i møte med elevar som har ulike utfordringar. Vi søkjer deg som er leiken, robust og har kunnskap om og erfaring med traumebevisst omsorg. Du må vere førebudd på ein hektisk arbeidskvardag med meiningsfylte arbeidsoppgåver.
I skulen er læringa viktig, og i møte med elevane skal vi motivere til læring, både i tradisjonelle og meir alternative opplæringsarenaer. Inkludering er viktig på Os barneskule, og alle barna skal tilhøyra fellesskapet. Vi søker difor deg som er god til å sette i gang aktivitetar både i skulekvardagen og på SFO.
Søkarane vil bli vurdert i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Vi gjer merksam på at det må framleggast politiattest
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge, vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprose
Kontaktpersonar:
Laila Aarbakke, rektor, tlf. 47670291
Stian Lunde, avdelingsleiar, tlf. 93038850
Camilla Fløysand, avdelingsleiar, sfo og 1. trinn, tlf. 98683984
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d1e6e24c-7d2f-482b-a803-5ea593915265
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3519357_207775_nn