Hopp til innhold

Tilkallingsvikarar til Psykisk helsevern Barn- og unge (PBU)

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikarar til Psykisk helsevern Barn- og unge (PBU)
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Antall stillinger
10
Arbeidsspråk
Norsk

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, PBU har som oppgåve å gje eit samla, heilskapleg og tverrfagleg spesialisttilbod til barn og unge med psykiske lidingar. Vi held til i Glasblokkane ved Haukeland universitetssjukehus med døgnpostar, konsulentteneste, spesialpoliklinikkar og ambulante tenester. I tillegg har klinikken desentraliserte poliklinikkar som er spreidde rundt i opptaksområdet til Helse Bergen. Klinikken har god bemanning innanfor dei aktuelle yrkesgruppene og spesialitetane.

Akuttposten er ein døgnbemanna post med kapasitet til 8 pasientar. Målgruppa vår er barn/ungdom i alderen 0-18 år med psykiske lidingar, som er innlagd frivillig, på foreldresamtykke eller under tvang. Oppgåvene våre er knytt til stabilisering, observasjon, utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/ utprøving av tiltak og behandling. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiater, psykologspesialistar samt legar i spesialisering (LIS).

Ungdomsposten er ein 5 døgns utgreiings- og behandlingspost med kapasitet til 10 pasientar for ungdom mellom 13 og 18 år med ulike psykiske lidingar. Innlegging er primært basert på frivilligheit men posten er også godkjent for tvang. Dei tilsette på Ungdomsposten, arbeider i snitt kvar 4. helg på Akuttposten.

Oppgåvene til Ungdomsposten er knytt til utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/utprøving av tiltak og behandling. Ungdomsposten gir spesialisert helsetilbod til barn og unge med psykiske vanskar, og deira pårørande. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiatere, psykolog/ psykologspesialistar, - samt legar i spesialisering (LIS).

Barneposten er knytt til barn/føresette som er innlagde i sjukehuset. Stillinga vil inngå i eit tverrfagleg team som gir tenester til pasientar som blir innlagd elektivt. Barneposten er ein 5 døgnsavdeling med plass til 6 barn i alderen 0 – 13 år. Det er ein korttidsavdeling med hovudvekt på utgreiing, observasjon og utprøving av behandlingstiltak i forhold til barnet og til dets familie, skule/barnehage. 

Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykisk liding. 

Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.   


Arbeidsoppgåver

  • Du vil inngå i drifta ved avdelinga
  • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
  • Pasientrelaterte miljøretta oppgåver og praktiske gjeremål

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha norsk autorisasjon
  • Student i helsefagleg løp
  • Erfaring innan fagområda
  • Søkar må vere over 21 år 
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av at pasientane skal føle seg trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
  • Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
  • Du må ha evne til å observere og rapportere endringar hjå pasientane  
  • Du må vere tilpassingsdyktig og takle stressande situasjonar  
  • Du må ønskje og evne å motta rettleiing 
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Robert Lie, Barneposten, 55974450
Nina A. Auro, Akuttposten, 55975753
Ingunn Prestegaard, Ungdomsposten, 55976399

Arbeidssted

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5116928008
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 06.05.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d1a62100-3bd5-4cd8-81ce-f73be7faabc4

Sist endret

22. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

504f914ecc9a4a6493d29f2e8786b2bf

Lignende annonser

Laster lignende annonser