Tednebakkane omsorgssenter
Øygarden kommune Tednebakkane omsorgssenter
Ternholmvegen 53, 5337 Rong
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar i 100% fast stilling - demensavdeling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. august
Om avdelinga:
Tednebakkane omsorgsenter ligg i vakre omgjevnader med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong i Øygarden kommune. Vi er ein liten sjukeheim med ein somatisk avdeling, ein demensavdeling og ein skjerma avdeling. Til saman har vi 45 plassar. Kvar avdeling er delt inn i små grupper med 6 - 8 pasientar. Vi har òg eit dagtilbod med opp til 12 plassar.
Vi har ein god fagdekning med både sjulepleiarar, vernepleiar, ergoterapeut og helsefagarbeidarar. Vi har òg vårt eige kjøkkne og ei koseleg kantine som serverer varm lunsj på onsdagar og torsdagar.
Ønskjer du å bli ein del av det trivelege fellesskapet vårt, er du hjarteleg velkomen til å søkja.
Vi har no ledig 100% stilling som helsefagarbeidar ved demensavdelinger med moglegheit for oppstart snarastArbeidsoppgåver:
- Ivareta bebuar sitt hjelpebehov
- Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov
- Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga
- Dokumentere i journalsystemet CosDoc
- Primærkontakt
- Medisinansvar
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Søkjere med lang erfaring som pleiemedhjelpar kan vurderast til stillinga
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg, men dette er ikkje eit krav.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Personleg eigenskap vert vektlagd
- Gode samarbeidsevnar
- Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team
- Godt humør, være open, ærleg og lojal
- Være glad i å jobbe med menneskar og engasjement for eldreomsorgen
Anna:
Vi har årsturnus med arbeid kvar 3 helg. Det vil være mogleg å ønske langvakter med arbeid kvar 4 helg. Dersom internt opprykk i stilling, kan du bli forspurt ein lavere stillingsprosent
Vi tilbyr:
- Kompensasjon for å arbeide ekstra helg i turnus
- Gratis parkering
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Interessante utfordringar
Ved spørsmål om stillinga kontakt:
Einingsleiar: Hilde Elin Nilsen tlf: 47796852 e-post hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar: Kjersti H Dagestad tlf: 45736293 e-post kjersti.dagestad@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d199bb3a-91e2-4336-a67d-b2c0470cc84f
- Sist endret
14. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3653353_192729_nn